STILLING LEDIG:

NRK søkjer nyheitsjournalistar i Sogndal, Stord og Bergen

Vil du bli kollegaen vår?

Informasjon om stillinga:

Tilsetjingsform: Fast

Arbeidsstad: Sogndal, Begen eller Sunnhordland

Søknadsfrist: 14. februar

Om arbeidsgivar

Om arbeidsgivar

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden

NRK Vestland styrker slagkrafta i Sunnhordland og Sogn. I tillegg skal me tilsetja i ei stilling i Bergen.

NRK Vestland har ledig ein fast jobb som nyheitsjournalist ved kontoret i Sogndal. Vi skal vere to faste medarbeidarar i Sogndal, og vi er på jakt etter ein journalist som kan setje dagsorden og løfte saker frå Sogn til eit regionalt og nasjonalt publikum.

Vi ynskjer oss ein person som er oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valt av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum.

Les meir og søk stillinga i Sogndal her

NRK Vestland skal tilsetja i ei fast stilling i Bergen.
Me søkjer ein uredd journalist som brenn for å fortelja historier som vert lagt merke til hjå eit breitt publikum. Me ønsker særleg å verta flinkare til å nå ut til unge og fleirkulturelle. Målet er å laga viktige og nære saker som set dagsorden regionalt og nasjonalt.

Den vi ser etter er ein dyktig journalist som er god på digital historieforteljing til mobilen, har ambisjonar om å driva med undersøkjande journalistikk, og kan levere godt innhald til alle plattformene til NRK.

Å vera førebudd på å rykka raskt og å rapportere direkte frå felt er ein del av jobben.

Les meir og søk stillinga i Bergen her

NRK Vestland styrker slagkraften i Sunnhordland, og tilset ein journalist i ei nyoppretta fast stilling på lokalkontoret på Stord.

Me ønskjer oss ein kollega som brenn for å løfta saker frå Sunnhordland til et regionalt og nasjonalt publikum. Målet er å setja nasjonal dagsorden med utgangspunkt i alt det interessante som skjer i denne delen av Vestland.

Me ser etter ein allsidig journalist som er god på digital historieforteljing til mobilen, har ambisjonar om å driva med undersøkjende journalistikk, og kan levere godt innhald til alle plattformene til NRK.

Du må vera førebudd på å rykka raskt og rapportere direkte frå felt.

Les meir og søk stillinga i Sunnhordland her

Powered by Labrador CMS