STILLING LEDIG:

NRK Nyheiter søkjer sommar­vikarar

Vil du jobbe i ein av landets travlaste nyhetsredaksjonar i sommar?

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Sommervikariat

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 4. desember

Stillinger: 40

Om arbeidsgiver:

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?

NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

NRK Nyheiter vil ha dyktige sommervikarar som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV.

Vi vurderer søknader løpande, så søk gjerne tidleg!

Vi ønsker ikkje ein lang søknad, men CV, kort om motivasjonen din og svar på nokre spørsmål. Skriv også kvar hos oss du kunne tenke deg å jobbe.

Meir om redaksjonane

Digitalreporter (nett)

Digitalreporter (nett) søker sommarvikarar som er opptekne av å vere først med siste nytt på NRK.no. Du bidreg til at vi får utvikla dei største sakene, så NRK vinn nyheitskampen – kvar dag. Du har nyheitsteft, likar å jobbe i høgt tempo, er språksikker og etisk bevisst. Du må både kunne kaste deg rundt når det smell og ha idear til vidareutvikling av nyheitssaker og til engasjerande eigensaker. Vi leverer i hovudsak tekstartiklar og kortmeldingar til nrk.no.

Kontaktpersonar: Ole N. Olsen, 48151248 eller Kari Stokke Nilsen, 4150433.

Digitalreporter i visuell-gruppa (nett)

Digitalreporter i visuell-gruppa (nett) søker sommervikarar som vil vere med på å utvikle digital visuell historieforteljing i både «breaking»- og eigensaker. Du har gjerne erfaring med video/foto og vil utfordre dei etablerte nyheitsformata. Du blir ein del av ein redaksjon som er spydspiss på nyheitsgolvet i å tenke visuelt. 

Kontaktpersonar: Maria Knoph Vigsnæs, 90771159 eller Kari Stokke Nilsen, 41504334.

Direktesendingar TV, nett og radio

Direktesendingar TV, nett og radio leitar etter deg som har nyheitspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på videoredigering i høgt tempo, og som likar å dekke det som skjer, gjerne foran kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, TV og nett gjennom dagen. 

Kontaktpersonar: Olav Haugan, 97026608 eller Simon S. Yset 92055391.

Nyheitsmorgon og Dagsnytt

Nyheitsmorgon og Dagsnytt treng sjølvstendige og samfunnsinteresserte radioprodusentar/journalistar til morgonsendinga, og journalistar som kan lese Dagsnytt-sendingar på natta. Det er ein stor fordel om du har erfaring med direkteradio. 

Kontaktpersonar: Silje Sande, 90196203, eller Elise Hazel Asbjørnsen, 93673480.

Dagsnytt 18

Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv. Du må ha interesse for det offentlege ordskiftet og utvikla sans for det som engasjerer.

Kontaktperson: Solveig Tvedt, 95978008.

Ytring

Ytring søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner.

Kontaktperson: Solveig Tvedt, 95978008.

Innanriks

Innanriks vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker. Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett. Innanriks leverer saker til alle NRK sine nyheitsflater. 

Kontaktperson: Jaran Ree Michelsen, 46827732.

Utanriks

Utanriks ser etter deg som brenn for utanriksfeltet og engasjerande nyheitsformidling. Du må ha erfaring med minst to publiseringsplattformer (TV, nett, radio). Gode samarbeidsevner er viktig i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale tilhøve. Du må kunne snu deg raskt og jobbe effektivt når det kokar. 

Kontaktperson: Sofie Gran Aspunvik, 48204099. 

Økonomi og politikk-redaksjonen

Økonomi og politikk-redaksjonen er på jakt etter deg som har lyst til å jobbe med økonomi/politikk og har nase for nyheiter. Vi søker etter iderike medarbeidarar med gode samarbeidsevner og journalistisk erfaring. 

Kontaktperson: Kyrre Nakkim, 91607122.

Kultur og underhaldning 

Kultur og underhaldning søker dyktige nyheitsjournalistar som har erfaring frå radio og/eller TV og nett. Du er iderik, ein god historieforteljar og har gjennomføringskraft. Du må ha interesse for fagfeltet og evne til å finne nyheiter som eignar seg for eit breitt publikum.

Kontaktperson: Marianne Ytre-Eide, 95230402.

Forsida/NRK.no

Forsida/NRK.no treng dyktige journalistar med blikk for det visuelle og godt, effektivt språk til å redigere NRK.no-forsida. Det er ei nyheitsdriven forside som er tett på dei store sakene, samstundes som vi skal spegle breidda i NRK sitt oppdrag. Vi søker deg som har redaksjonell erfaring, som har god kjennskap til presseetikk, og som er flink til å kommunisere og samarbeide. Du må like at det skjer mykje. 

Kontaktperson: Dyveke Sandtorv Nilssen, 45472401.

 

Kvalifikasjonar

  • Vere samfunnsengasjert 
  • Ha litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før
  • God språkkompetanse (bokmål og/ eller nynorsk)

I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV. Vi treng også eit mangfald av perspektiv og erfaringar.

Personlege eigenskapar

  • Kan jobbe under press og behalde fokus i møte med utfordrande situasjonar og stramme tidsskjema
  • Er fleksibel og tilpassar seg raskt når situasjonen krev det
  • Er robust og har ei optimistisk haldning til utfordringar 
  • Har gode samarbeidsevner og jobbar godt saman med andre for å nå felles mål

 Vi tilbyr

  • ein spennande sjanse til å jobbe i ein av landets største nyheitsredaksjonar
  • eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar
  • ein viktig jobb der du får bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet
  • ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag

Kontaktinformasjon

SØK HER

Powered by Labrador CMS