STILLING LEDIG:
Framtida.no søkjer journalist til prosjektet «Kort forklart»
Framtida.no søkjer ein journalist som er idérik og nyskapande og som brenn for å formidla nyhende enkelt, interessant og presist til barn og unge i alderen 11-19 år.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Framtida.no har fått innovasjonsstøtte frå Medietilsynet for å utvikla ei ny satsing som med eit enkelt nynorsk språk skal visa fram dei viktigaste nyhenda for barn, ungdom og nynorskbrukarar med minoritetsbakgrunn.
I «Kort forklart» skal lesarane få dei viktigaste nyhenda i løpet av ei veke innanfor politikk, økonomi, skule, jobb, miljø og kultur. Du vil presentera nyhenda på ein måte som vekkjer interesse og gjer det enkelt å forstå, gjennom bilete, illustrasjonar og grafiske element, i tillegg til nyheitsquizar.
Arbeidet inneber òg desking og publisering på Framtida.no, Framtidajunior.no og i sosiale medium, der det er rom for å utvikle plattformene våre vidare.
Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å utforska nye måtar å fortelja historier på.
Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel, men pedagogiske evner og kjennskap til målgruppa er òg positivt.
Me søkjer deg som:
- er idérik og har lyst å utforske nye måtar å formidla nyhende i eit enkelt format
- har god journalistisk teft og klarar å oppsummera og formidla kompliserte bodskap enkelt og effektivt
- forstår målgruppa og tilpassar form og innhald deretter
- har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet
- har god bilde- og videoforståing, meistrar grunnleggjande biletredigering
- er engasjert i sosiale medium og likar å prøva ut nye forteljarformer på ulike plattformer
- har god og enkel nynorsk språkføring
Varigheit: Prosjektstilling 1. september 2022-30. juni 2023 (moglegheit for forlenging)
Kontaktinformasjon:
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
- Andrea Rygg Nøttveit, redaktør Framtida.no, tlf: 481 40 342
Søknadsfrist: send søknad snarast, og innan 22. mai 2022.