Er du klar for ein spennande sommar i ein av Norges mest dynamiske regionar?
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Sommarvikarer
Arbeidssted: Bryne
Søknadsfrist: 15. mars
Om arbeidsgiver:
Jærbladet er lokalavisa for Time, Klepp og Hå, med eit nedslagsfelt på vel 60 000 menneske. Jærbladet er ein del av Amedia, landets største utgjevar av lokale medium. Med redaksjonelle medarbeidarar over heile landet sørgjer me for at lesarane våre blir løpande oppdaterte med nyheiter og anna viktig innhald.
Amedia er landets største utgjevar av redaktørstyrte medium og leiande på lokal avisutvikling. Dagleg når konsernet meir enn to millionar lesarar gjennom sine 107 medium. Konsernet har 2100 tilsette og omsette i 2024 for 4 milliardar kroner.
Amedia er i fleire år kåra som ein av landets mest attraktive arbeidsgjevarar og er sertifisert som Great Place To Work. Sertifiseringa er eit prov på at medarbeidarane opplever organisasjonen som ein god stad å jobba. Les meir om korleis det er å jobba i Amedia på karrieresidene våre på Amedia.no og følg oss på LinkedIn.
Jærbladet søkjer nå etter engasjerte og nyfikne sommarvikarar som er med og sikrar at me held på posisjonen som den føretrekte kjelda til lokale nyheiter og den viktigaste arenaen for samfunnsdebatt på Jæren.
Me vil ha deg som:
Har eit brennande engasjement for lokaljournalistikk.
Er initiativrik, har gode idear og snappar opp sakene som folk snakkar om rundt middagsbordet.
Meistrar både raske nyheitssaker og lengre reportasjar.
Erfaring frå mediebransjen er ein fordel, men det aller viktigste er at du har arbeidslyst og evne til å setja i gang med eigne idear.
Jærbladet jobbar ein del med visuell journalistikk. Derfor er videokompetanse eit pluss.
Du må ha førarkort for bil.
Hos oss får du:
jobba med eit viktig samfunnsoppdrag og varierte arbeidsoppgåver
eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling gjennom samarbeid med både ferske stemmer og erfarne journalistar
stor fridom og moglegheit til å dekke eit breitt spekter av lokale saker
ein sommar full av spennande opplevingar på Jæren
Som sommarvikar i Jærbladet vil du intervjua aktuelle personar, skriva saker, ta bilde og video og vera med på å rykka når akutte hendingar skal dekkast.
For å sikra at lesarane våre alltid kan halda seg oppdaterte på siste nytt, må du rekna med å jobba enkelte kveldar og helgar.
Du vil få opplæring, og kollegaane dine vil hjelpa deg når det trengst.
Me har behov for vikarar i deler av juni, juli og august.
Kontaktinformasjon:
Synes du dette høyrer interessant ut? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat: