STILLING LEDIG:

Hardanger Folkeblad søker journalist til fast stilling

Vil du vera med å utvikla Hardanger Folkeblad vidare?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Odda

Søknadsfrist: 8. mars

Om arbeidsgiver

Hardanger Folkeblad har for tida sterk digital vekst og er den største avisa i regionen Hardanger i Vestland fylke. Avisa har eit veksande opplag på i overkant av 5200, der om lag 40 prosent er heildigitale abonnentar. Papiravis gir vi ut to dagar i veka. Hardanger Folkeblad held til i industri- og turistbyen Odda, i Ullensvang kommune, og dekker kommunane Ullensvang og Eidfjord. Hardanger Folkeblad er ein del av mediekonsernet Amedia.

Hardanger Folkeblad er i vekst og skal styrka redaksjonen med eitt årsverk for å utvikla oss vidare. Vi er på jakt etter ein journalist som ser dei gode nyheitssakene, som ivrar etter å presentera dei raskt – og som evnar å gjera det i ulike kanalar.

I Hardanger Folkeblad tenker vi digitalt først. I tillegg til å vera skrivande, vil du også ha video, direkteoppdateringar, streaming og andre publiseringskanalar som arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du også få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vera open for å tenka og læra nytt.

Vi ser etter ein person som:

  • Både kan jakta på dei store avsløringane, men også handtera dei små, kjappe nyheitene.
  • Likar å ta ansvar, arbeida sjølvstendig og vera kreativ.
  • Vert trigga av at sakene dine blir lesne og heiar frem andre for å nå felles mål.
  • Brenn for lokalsamfunn og ser verdien av god lokaljournalistikk.
  • Har gode idéar, likar å prata med folk, kan skriva godt og fotograferer sjølv.
  • Er flink til å koma tett på folk og få fram dei gode historiene.
  • Har førarkort og disponerer bil.

Vi kan tilpassa arbeidsoppgåvene til din kunnskap, di erfaring og dine sterke sider, men vi legg stor vekt på digital kompetanse og relevant erfaring. Det er også ein fordel om du beherskar både nynorsk og bokmål.

Vi tilbyr:

  • Ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for folk.
  • Eit nettverk av 900 journalistar i 81 lokalaviser som saman utviklar lokaljournalistikken.
  • Eit svært godt arbeidsmiljø i eit digitalfokusert avishus i den spennande byen Odda, som ligg midt mellom to nasjonalparkar.
  • Svært variert arbeid, der du blir ein del av turnus i redaksjonen.
  • Mange gode kurs og utviklingsmogelegheiter i landets største lokalaviskonsern.
  • Løn etter avtale

Hardanger Folkeblad er ein del av Amedia. Du kan lesa meir om korleis det er å jobba i Amedia her.

Kontaktinformasjon:

Dersom dette høyrest interessant ut, send ein søknad med CV og referanse.

Søknadsfrist: 08.03.21
SØK HER

Powered by Labrador CMS