STILLING LEDIG:
Firda søker journalist
Ledig stilling i knallgod lokalavis
Firda har ledig ei fast stilling som journalist. Den som får stillinga blir ein del av eit ungt og entusiastisk arbeidsmiljø i lokala våre i Nynorskhuset Førde.
Vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane.
Firda ligg langt framme i omstillinga til ei moderne mediebrift og har vunne nasjonale prisar for dette. Redaksjonen lagar jamleg prisvinnande journalistikk.
I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i dekningsområdet vårt.
Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort for bil. Du jobbar frå Førde.
Frist: 1. november
Kontaktinformasjon
Kai Aage Pedersen, redaktør, e-post: kai.aage.pedersen@firda.no