STILLING LEDIG:

Sunnhordland søker journalister til fast stilling og sommarvikariat
Sunnhordland vil styrkja laget med ein ambisiøs journalist
Me er på jakt etter deg som ynskjer å setja dagsorden. Du har blikk for dei gode sakene som er viktige for folk, om det er innan næringsliv, krim, helse, politikk eller kuriosa. Du likar å setja deg inn i nye problemstillingar, finna gode vinklingar og du får arbeidet raskt og presist unna.
Sunnhordland har eit sterkt digitalt fokus og du må vera nysgjerrig på digitale verktøy.
Mediehuset Sunnhordland er ein del av Polaris-konsernet. Me har ein ung og kreativ redaksjon og har hausta ei rekkje prisar for både journalistikk og layout.
I sommar treng me vikarar i perioden frå juni til august.
Førarkort for bil, og god kunnskap om digitale medium er eit krav.
Vaktplanen vår inneheld faste kvelds- og helgevakter.
Kontaktinformasjon:
- Ansvarleg redaktør Hilde Vormedal Nybø, 982 42 008
- Klubbleiar Kjetil Østrem, 982 42 022
Send søknad til [email protected]