STILLING LEDIG:

Hordaland søker journalistar

Nyheitsjournalist

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast (1), Vikar (1)

Arbeidssted: Voss

Søknadsfrist: 1. desember

Om arbeidsgiver

Hordaland Bladdrift AS

Hordaland blei etablert i 1883 og har sidan då opplyst og engasjert folk på Voss og i nabokommunane. Avisa har ein svært sterk posisjon i lokalmiljøet, og har eit opplag på 7.400. Redaksjonen tel 13 tilsette.

Me har to ledige stillingar: Ei fast og eit vikariat ut 2027.

I ei avis som Hordaland betyr journalisten noko ekstra for lokalsamfunnet. Du skapar innhald som folk snakkar om, fordi du kjem tett på og har kort veg til kjelder og saker.

Hos oss får du jobba med allslags stoffområde på ulike plattformer. Her kan ideane dine bløma, og det er rom for å utforska og laga innhald på nye måtar.

Me vil ha tak i deg som..:

  • …er uredd og førebudd på varierte arbeidsoppgåver

  • …trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske val

  • …forstår kva som er ei god sak og jobbar sjølvstendig med eigne idear

  • …har evne til å skapa og formidla innhald som treffer nye målgrupper

  • …brenn for journalistikk som opplyser, utviklar og underheld samfunnet

  • … skriv god nynorsk, har førarkort for bil og jobbar frå Voss

Vil du vera eit friskt pust i ei av landets beste lokalaviser? Då bør du søka.

Kontaktinformasjon

  • Terje Hjartnes, nyheitsredaktør, tlf: 928 53 896

  • Ørjan Brattetveit, klubbleiar, tlf: 416 23 262

SØK HER

Powered by Labrador CMS