STILLING LEDIG:
Lokalavisa Vestavind søkjer redaktør
Me søkjer ein framoverlent redaktør som brenn for lokalsamfunnet!
Denne artikkelen er over to år gammel.
Om stillinga:
Vår redaktør gjennom 10 år har fått seg ny jobb, og me søkjer nå hennar etterfølgjar. Me søkjer ein framoverlent redaktør som brenn for lokalsamfunnet, og som evnar å finne dei raske nyhenda, men også grava og gå i djupna. Som redaktør får du ansvaret for å vidareutvikla den journalistiske og digitale utviklinga i avisa. Vestavind skal være best på Sveio.
Me treng deg som vil ta hovudansvaret for produksjon av papiravis, samt styrka Vestavind på nett. Redaktørstillinga krev stor arbeidskapasitet, journalistisk erfaring og evne til å byggja relasjonar. Du vil ha ansvaret for redaksjonen som består av redaktør og journalist. Dagleg leiar og engasjerte styremedlemmar er klare til å samarbeida med deg i vidareutviklinga av Vestavind.
Løn og pensjonsordning etter avtale.
Om Sveio:
Sveio er ein flott kystkommune, som ligg strategisk til midt i ein sterk region, med felles bu- og arbeidsmarknad med Sunnhordland og Haugalandet. Kommunen har om lag 5800 innbyggjarar som bur spreidd over heile kommunen, som dekker eit areal på 246 kvadratkilometer. Om sommaren nær doblar innbyggartalet seg ved at kommunen er vert for mange hyttegjester. Sveio ligg «midt i leio» mellom storbyane Bergen og Stavanger.
Kontaktinformasjon:
- Bent Rune Sinnes, styreleiar, tlf: 975 12 353 / e-post: bent.rune@succession.no