Vil du jobbe i ein av landets travlaste nyheitsredaksjonar sommaren 2027?
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Sommervikar
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist:11. desember
Om arbeidsgiver:
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
NRK Nyheiter søker etter engasjerte sommarvikarar med noe journalistisk erfaring til å vere med å formidle nyheiter gjennom nett, radio og TV. Som ein sentral aktør i norsk samfunnsliv, tilbyr NRK eit solid fagmiljø og eit viktig samfunnsoppdrag – å styrke demokratiet og engasjere heile Noreg. Her får du jobbe i eit innovativt miljø som fremjar fagleg utvikling og samarbeid på tvers av plattformar.
Vi ønsker din CV, kort om motivasjonen din og svar på nokre spørsmål. Skriv også kvar hos oss du kunne tenke deg å jobbe.
Vi vurderer søknader løpande, så søk gjerne tidleg!
I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV.
Her er nokre av redaksjonane du kan søkje deg til:
Breakingdesken
Likar du å jobbe med det som skjer, når det skjer? På breakingdesken treng vi sommarvikarar som:
Breakingjournalist
Fotojournalist
Breakingdesken er NRKs førstelinje og skal sørge for rask respons og presis formidling av nyheiter og hendingar i både Noreg og verda elles. Vi skal gi oversikt og forklaring frå start, ha riktig informasjon med nødvendig kontekst, slik at publikum forstår og blir opplyste: Først med kva som skjer – og kvifor det skjer.
Redaksjonen har sitt primæroppdrag på NRK.no, men skal også vere ein journalistisk motor i alle breakingsaker – til fordel for resten av NRKs plattformer.
Kontaktinformasjon
Lars Hægeland, redaksjonsleiar Breaking, tlf: 412 70 130
Simon Solheim, redaksjonssjef Breaking, tlf: 986 04 319
Redaksjon Noreg
Vi vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker i faggruppene krim, kultur, økonomi og politikk. Vi søker motiverte og idérike kollegaer med noko journalistisk erfaring, men det viktigaste hos oss er at du har ei brennande fagleg interesse. Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode, språk og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett.
Kontaktinformasjon
Sophie Lorch-Falch, redaksjonssjef Noreg, tlf: 455 11 094
Ole N. Olsen, redaksjonsleiar Noreg, tlf: 481 51 248
Redaksjon Verda
Vi ser etter deg som brenn for utanriks-, klima- og teknologijournalistikk. Du må ha erfaring frå minst to publiseringsplattformer (TV, nett, radio). Gode samarbeidsevner er viktige i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale forhold. Du klarer å formidle komplekse problemstillingar og har god forståing for presseetikk. Du må kunne snu deg raskt og jobbe effektivt når det kokar.
Kontaktinformasjon
Anne Weider Aasen, konst. redaksjonssjef Verda, tlf: 414 23 342
Ann Iren Finstad, konst. redaksjonsleiar Verda, tlf: 957 91 501
Nyheitsmorgon og Dagsnytt
Glad i lyd? Nyheitsmorgon-redaksjonen ser etter våkne og idérike sommarvikarar som vil være med på å lage morgonsendingar på radio og tv. Vi treng også flinke folk til å lage korte nyheitssendingar på radio kvar time gjennom døgnet. Vil du utvikle deg som journalist, kan vi tilby ein spennande sommar med mange direktesendingar og engasjerte kollegaer.
Kontaktinformasjon
Silje Sande, tlf: 901 96 203
Direktesendingar TV, nett og radio
Sendedesken leitar etter reporterar som har nyheitspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på videoredigering i høgt tempo, og som likar å dekkje det som skjer, gjerne direkte framfor kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, TV og nett gjennom dagen, og bidrar til den løpande journalistikken til NRK Nyheiter på alle plattformar. Opplæring i redigeringssystemet RIO får du ved oppstart.
Kontaktinformasjon
Simon S. Yset, redaksjonssjef Sendedesken, tlf: 920 55 391
Likar du å tenke visuelt frå start i historiefortellinga? Har du eigne visuelle idear og god gjennomføringsevne? Vi i NRK Nyheiter ønsker deg med ein visuell ambisjon med på laget for å utvikle og å gjere innhaldet vårt levande til TV og nett. Som visuell journalist må du ha erfaring med foto, stillbilete, videoredigering og live/direktesendingar. Du samarbeider godt i tverrfaglege team, og du held hovudet kaldt inn mot deadline. Du trivst i ein turnus med både dagtid, kveldar og helger, og du taklar uføreseielege, men spennande, arbeidsdagar!
Kontaktinformasjon
Christian Grotnes, redaksjonsleiar Dybde og Visuell, tlf: 977 66 161
Forklaring-redaksjonen set dagsorden med saker som unge er opptekne av, og får fram dei unge sine perspektiv. Vi publiserer daglege nyheiter på TikTok og Instagram, samt NRK Forklarer-videoar og visuelle artiklar på nrk.no.
Vi er på jakt etter journalistar som kjenner den unge målgruppa godt, og som klarar å lage engasjerande journalistikk om og for eit ungt publikum.
Kontaktinformasjon
Ingrid Indseth, tlf: 951 55 532
Dagsnytt 18
Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv. Du må ha interesse for det offentlege ordskiftet og ein utvikla sans for det som engasjerer.
Kontaktinformasjon
Kyrre Nakkim, tlf: 916 07 122
Ytring
Ytring-redaksjonen søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner.
Kontaktinformasjon
Kyrre Nakkim, tlf: 916 07 122
-
Kvalifikasjonar
Vere samfunnsengasjert
Ha litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før
God språkkompetanse (bokmål og/ eller nynorsk)
I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV. Vi treng også eit mangfald av perspektiv og erfaringar.
Personlege eigenskapar
Kan jobbe under press og behalde fokus i møte med utfordrande situasjonar og stramme tidsskjema
Er fleksibel og tilpassar seg raskt når situasjonen krev det
Er robust og har ei optimistisk haldning til utfordringar
Har gode samarbeidsevner og jobbar godt saman med andre for å nå felles mål
Vi tilbyr
Ein spennande sjanse til å jobbe i ein av landets største nyheitsredaksjonar
Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar
Ein viktig jobb der du får bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet
Ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag
Fint å vite om søknadsprosessen:
Offentleg søkjarliste
NRK er underlagt offentleglova. Når du søkjer jobb hjå oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unnateken denne søkjarlista. Da må du i så fall grunngje kvifor. Vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Dersom vi ikkje kan det, høyrer du sjølvsagt frå oss før vi gjer søkjarlista offentleg.
Bakgrunnssjekk og risikovurdering
NRK kan gjennomføre bakgrunnssjekk av finalekandidatar i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar, og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga. For aktuelle kandidatar med tilknyting til land som er definerte som høgrisiko av nasjonale tryggleiksmyndigheiter, vil det bli gjennomført ei vurdering av tilknyting og risiko.