STILLING LEDIG:
Sogn Avis søkjer sommarvikarar ☀️
Er du klar for den artigaste sommarjobben i Sogn?
Denne artikkelen er over to år gammel.
Har du nyhendeteft, godt språk, eigne idéar og arbeidslyst? Då har me ei utfordring til deg.
Me treng sommarvikarar til hovudredaksjonen vår i Sogndal og avdelingskontoret vårt i Årdal. Her kan me lova deg ein variert og spanande journalistkvardag i eit område der det skjer mykje.
- Me ser gjerne at du har ei form for medieerfaring.
- Interesse for sosiale medier, foto og video er positivt.
- Du må skriva god nynorsk og ha førarkort for bil.
- Sommarvikarane våre går i turnus med tidleg-, dag-, kvelds- og helgevakter.
Hjå oss får du jobba med eit viktig samfunnsoppdrag, du får mykje fridom og eit sterkt samspel.
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om stillingen? Ta kontakt med:
- Arve Uglum, ansvarlig redaktør, tlf:+47 970 55 224 / e-post: arve.uglum@amedia.no
- Wenche Schanke Eikum, klubbleiar, tlf: +47 971 64 907 / e-post: wenche.eikum@amedia.no