Strilen ønskjer mangfald blant våre tilsette. Vi oppmodar også dykk med ulik bakgrunn og funksjonalitet til å søkje.
Strilen held til i Knarvik, berre 30 minutt med ekspressbuss eller hurtigbåt frå Bergen sentrum.Hos oss får du erfaring som er gull verdt, og ordna arbeidsforhold. Vi dekkjer geografiske område som går frå «by» til land, og vi dekkjer eit vidt spekter av saker. I vårt område bur det om lag 40.000 menneske.
I klynga vår av lokalaviser finst Strilen (held til i Knarvik) og Bygdanytt (held til i Indre Arna). Avisene jobbar tett saman - også med søsteravisene våre Vestnytt og Askøyværingen - har fleire fellesfunksjonar og hjelper kvarandre ved behov.
Bergensområdet sitt mest varierte lokalavismiljø søkjer no etter ein engasjert journalist til eit vikariat på eitt år. Vi treng ein nyhetsjegar som både kan skrive og ta bilete – og som tenkjer og jobbar digitalt.
Om stillinga
Vi dekkjer alt frå by til bygd, smått og stort – og du får vere med på å setje dagsorden i lokalsamfunna våre. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og triveleg miljø.
Du vil arbeide både som utegåande reportar og bidra på desken. Du må rekne med å inngå i turnus med noko kvelds- og helgearbeid.
Vi ser etter deg som
har journalistisk teft og formidlingsevne
kan levere tekst og bilete raskt og presist
arbeider sjølvstendig
kan handtere hektiske periodar og prioritere mellom oppgåver
har god digital kompetanse – og gjerne både tek bilete og filmar med mobilen
meistrar både bokmål og nynorsk (stor fordel)
har førarkort for personbil
Vi tilbyr
varierte arbeidsoppgåver og brei erfaring frå både desk og felt
ordna arbeidsforhold
arbeidsstad i hovudsak i Knarvik, men òg periodar i Indre Arna
Polaris Media Vest består av 10 lokale mediehus på Vestlandet; Sunnhordland, Bømlo-Nytt, Marsteinen, Stord24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24. Mediehusene er eid av Polaris Media eller i sameierskap mellom Polaris Media og Schibsted. Det samlede opplaget er på ca. 35 000 abonnenter. Polaris Media Vest har til sammen 75 ansatte.