Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, og dei siste åra har vi hatt ein solid digital vekst. Kvinnheringen er eigd av Amedia, som er landets største utgivar av redaktørstyrte medium og leiande på lokal avisutvikling.
Kvinnheringen skal dagleg servera folk i Kvinnherad journalistikk om det folk flest snakkar om og er opptekne av. Vi skal levera kritisk, uavhengig og god journalistikk, og vera ei open og inkluderande avis. Derfor treng vi dei beste journalistane! Ikkje gå glipp av denne sjansen til å søka jobb i Kvinnheringen, og å bu og jobba i vakre Kvinnherad kommune.
Vi ser etter deg som:
trivst med å rykka ut på store og små hendingar og rapportera direkte frå felten, med tekst, bilde og video
er språksikker, idérik, sjølvstendig og tar initiativ
skjønar korleis god journalistikk skal presenterast for å vekka interesse
likar høgt arbeidstempo og varierte arbeidskvardagar
Vi kan tilby:
eit godt arbeidsmiljø med stor fridom til å setja dagsorden
ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for kvinnheringane
gode høve til personleg utvikling i landets største mediekonsern
fleksibel arbeidstid
I Kvinnherad får du:
svært billig barnehage
gratis SFO
kutta 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år
nærleik til fjord og fjell og svært mange turmoglegheiter i landet sin flottaste natur
Å jobba som journalist krev at du er allsidig og kan bidra der det er behov. Vi treng journalistar med kompetanse og interesse for blant anna politikk, næringsliv, hendingar, kultur, sport, foto og video.Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne om kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.
Kontaktinformasjon:
Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt: