Norsk Barneblad søker ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar
Er du den som skal gi leselyst til nye generasjonar med nynorskbarn?”
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 1. november
Om arbeidsgjevar:
Norsk Barneblad har ein heilt spesiell posisjon i norsk barnekultur, med historie tilbake til 1887. Bladet kjem ut på papir 11 gonger i året, har i dag 3 500 abonnentar, og blir skrive på nynorsk. Bladet er mellom anna mykje brukt i skulen, og det blir laga eigne undervisingsopplegg til utgjevingane. I tillegg produserer og sel vi julehefta Smørbukk og Tuss & Troll. Inntektene frå desse går tilbake til bladet.
Norsk Barneblad søker ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i 100
prosent stilling. Er du den vi leitar etter?
Dagens redaktør skal takke av etter mange år, og vi søker ein idérik person som
vil bidra til å vidareutvikle det som kanskje er verdas eldste blad for barn,
og vidareføre ei lang og spennande historie.
Norsk Barneblad har ein heilt spesiell posisjon i norsk barnekultur, med
historie tilbake til 1887. Bladet kjem ut på papir 11 gonger i året, har i dag
3 500 abonnentar, og blir skrive på nynorsk. Bladet er mellom anna mykje brukt
i skulen, og det blir laga eigne undervisingsopplegg til utgjevingane. I
tillegg produserer og sel vi julehefta Smørbukk og Tuss & Troll. Inntektene
frå desse går tilbake til bladet.
Stillinga inneheld både redaktøransvar og administrativt ansvar. Det vil
seie at du som redaktør er ansvarleg for både innhald og økonomi i bladet. Det
er ingen andre fast tilsette. Til andre oppgåver kjøper vi tenester,
tilsvarande om lag ei halv stilling, til å utføre grafisk design og rekneskap.
Som ny redaktør vil du kunne vere med på å påverke korleis fordelinga vil vere
vidare. Om du til dømes ikkje kan gjere designjobben sjølv, finn du ein du vil
samarbeide med. Bladet har mange faste frilansarar du kan halde fram
samarbeidet med, om du vil.
Du rapporterer til styret i Norsk Barneblad. Redaktøren og styret har
faste møte gjennom året.
Vi ser etter deg som
har interesse for og
evne til å skrive for barn
er nysgjerrig og
kunnskapssøkande
er kreativ,
oppfinnsam og glad i å skrive
har god estetisk sans
har engasjement for
og skriv god nynorsk
er van med å arbeide
sjølvstendig
har god presseetisk
vurderingsevne
har erfaring med
budsjett og rekneskap
har relevant
utdanning og/eller erfaring
har erfaring med
søknadsskriving
Vi tilbyr
ein spennande og
morosam jobb
ein fleksibel
arbeidsdag der du bestemmer det meste sjølv
kort veg frå idé til
du kan gjennomføre han
høve til noko
heimekontor
gode og lyse
kontorlokale i sentrum av Oslo, der du deler fasilitetar med vekeavisa Dag og
Tid
løn etter avtale
pensjonsordning i
Storebrand
Er du klar for utfordringa?
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Nana Rise-Lynum, ansvarleg redaktør og dagleg leiar, tlf. 952 44 561 / e-post: post@barneblad.no (i perioden 1.-18. oktober berre tilgjengeleg på
e-post)