STILLING LEDIG:

Bømlo-nytt søkjer ansvarleg redaktør
Bømlo-nytt har ytterlegare vekst som mål og søkjer ein samfunnsengasjert og driftig redaktør til å styrkje denne posisjonen.
Etter ti gode år som ansvarleg redaktør I Bømlo-nytt, skal Randi gå inn i pensjonistanes rekker.
VIL DU BLI VÅR NYEANSVARLEGE REDAKTØR?
Bømlo-nytt er den leiande mediebedrifta i Bømlo kommune, og skal også vera den føretrekte informasjonskanalen inn i framtida. Bømlo-nytt har hatt ei særs positiv utvikling dei siste åra, med stor auke både av lesarar og annonsørar på våre plattformer.
Me er på jakt etter ein ambisiøs person som har evne til å skapa eit positivt engasjement for lokalsamfunnet og som har blikk for å setje dagsorden.
Som ansvarleg redaktør i Bømlo-nytt må du sjå framover og ha eit sterkt digitalt hovud. Gjennom bruk av analyse og innsikt må du setja lesaren først for å sikra endring i takt med utviklinga i samfunnet elles.
Jobben krev røynsle som leiar og god forståing for pressa sitt etiske rammeverk. Ansv. redaktør må ha god kommunikasjonsevne, må inspirera, motivera og skapa entusiasme. Hen må vera uredd, tydeleg, visa retning og ha stor gjennomføringskraft. Det vil bli lagt stor vekt på teamarbeid og å utvikla medarbeidarane.
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning innan journalistikk, kommunikasjon, ev. relevant arbeidsrøynsle
- Solid forståing for medieutvikling og digitalisering
- Redaksjonell erfaring• Leiarerfaring med dokumenterte resultat
Bømlo-nytt kan tilby ei sentral og viktig stilling i lokalavisa i eit spennande og variert lokalsamfunn i stor utvikling. Redaksjonen i Bømlo-nytt har eitkreativt og godt arbeidsmiljø, og konkurransedyktige lønstilhøve og gode pensjons- og forsikringsordningar. Måforma i avisa er nynorsk.
Kontaktinfo:
- Styreleiar Tove Nedreberg, 916 06 544
- Dagleg leiar Reidar Hystad, 906 76 983
- Tilitsvald for redaksjonsklubben Håvard Hammarstrøm, 982 50 146
Søknad vert å sende til [email protected]