STILLING LEDIG:

NRK i Bergen søker fotograf/VJ til vikariat

Dette er jobben for deg som brenn for å jobbe med nyheiter, og har eit ønske om å lage saker som kan setje dagsorden både lokalt og nasjonalt.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 13. juni

Om arbeidsgivar

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK i Bergen har eit ledig vikariat ut året. Fotografane våre leverer innhald til mobil, nett og nyheitssendingar på TV.

Vi ser etter ein dyktig fotograf som også kan jobbe fram eigne saker. Det er ein fordel om du har god teknisk forståing i botn, sånn at du kan bruke blikket ditt til å fange dei bileta og situasjonane som gjer saken nær og relevant for publikum. Er du i tillegg leiken, nyfiken og glad i folk, vil du trivast godt i nyheitsredaksjonen vår. Du må like å jobbe under tidspress, og vere fleksibel og uthaldande i krevjande arbeidssituasjonar.

Jobben går ut på å:

  • gjere opptak åleine eller i team
  • ta bilete for nett og mobil
  • redigere nyheitssaker tilpassa ulike plattformer
  • rykke ved akutte hendingar og levere video, lyd og stills frå felt

Du har:

  • erfaring som fotograf eller videojournalist
  • interesse for å lage nyheiter frå distriktet vårt
  • god teknisk innsikt og interesse for ny teknologi og nye format
  • erfaring med å ta stillbilete av høg kvalitet
  • gode samarbeidsevner
  • godt utvikla etisk refleks
  • sikker språkføring i norsk
  • fullført relevant utdanning

Søkarar må ha førarkort for personbil.Relevant arbeidserfaring av nyare dato kan kompensere for manglande utdanning.

Dette får du hos oss:

Jobb i ein inkluderande redaksjon med høge ambisjonar og gode moglegheiter for fagleg utvikling.Vi held til i moderne og framtidsretta lokaler i Media City Bergen og er tett på dei andre innhalds- og teknologimiljø i medieklynga.

Kontaktinformasjon:

Søknadsfrist: 13. juni

SØK HER

Powered by Labrador CMS