STILLING LEDIG:

bilde av Sveio

Vestavind søker journalist

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Sveio sentrum

Søknadsfrist: 26. april

Om arbeidsgiver:

Vestavind logo

Lokalavisa Vestavind vart stifta i 1986, og kjem ut i papirformat kvar torsdag samt med daglege oppdateringar på nett. Avisa er limet mellom bygdene i Sveio, og skal bidra til å redusera handelslekkasje, samt støtta lokalt næringsliv. Vestavind har eit opplag på 1571. Verksemda har tre tilsette på heiltid med redaktør, journalist og dagleg leiar/marknadsansvarleg. Kontoret er i Sveio sentrum. 

Vil du bli journalist i Vestavind? 

Vestavind, lokalavisa for Sveio kommune, har ledig stilling som journalist.Vi kan tilby ein spennande jobb i eit lite og moderne mediehus, med ein offensiv digital strategi.

Vi tilbyr:

  • Fast journalist-stilling i ein ekspansiv region med stor variasjon i næringslivet, eit allsidig kulturliv og flott natur
  • Kontorplass i eit moderne og triveleg lokale midt i Sveio sentrum, som ligg 20 minuttars køyring nord for Haugesund sentrum og 30 minuttar sør for kommunesenteret Leirvik i Stord kommune.

Vi ønsker ein journalist som:

  • Kan jobba raskt og effektivt og kastar seg rundt når det trengs, men samstundes har evne til å gå i djupna og vera grundig.
  • Har kunnskap om og interesse for sosiale medium.
  • Skriv nynorsk og/eller bokmål.
  • Disponere eigen bil.

Kontaktinformasjon: 

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med:

Søknadsfrist: Snarast og seinast 26. april.

Søknadar blir vurderte fortløpande.

Send CV og søknad på e-post til: ellenmarie@vestavind-sveio.no

Powered by Labrador CMS