STILLING LEDIG:

Møre-Nytt søkjer journalist

Vi treng fornying – noko for deg?

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Ørsta

Søknadsfrist: 6. mars

Om arbeidsgiver:

Møre-Nytt kjem ut i Ørsta, og dekkjer kommunane Ørsta og Volda, med over 20.000 innbyggjarar. Med eit opplag på rundt 5.000 er Møre-Nytt den største lokalavisa i Møre og Romsdal. Etter nytilsettinga blir det fem journalistar i redaksjonen. I tillegg kjem ein medarbeidar i «SøreTV». Møre-Nytt er ein del av mediekonsernet Polaris Media, og har hatt god utvikling dei siste åra. Tilknytinga til Polaris-konsernet gjer at Møre-Nytt kan drive kontinuerleg utviklingsarbeid med oppdaterte arbeidsverktøy, både når det gjeld produksjon og analyse.

Møre-Nytt er på jakt etter ein journalist i ei nyoppretta fast stilling. Vi er ein erfaren gjeng, og er modne for både fornying og mangfald i redaksjonen.

Vi kan tilby ein spennande jobb i eit moderne mediehus med god økonomi og ambisjonar om vekst.

Du får vere journalist i eit område som er både bygd og by, har stor variasjon i næringslivet, eit allsidig kulturliv og fantastisk natur.

Du kan få ein inngangsbillett til eit stort og offensivt mediekonsern.

Mange flinke journalistar har starta karrieren i Møre-Nytt. Kanskje du blir den neste?

Vi ønsker at du:

  • Kan jobbe raskt og effektivt med nettpublisering, men samstundes ha evne til å gå i djupna og vere grundig.
  • Har kunnskap og interesse for sosiale medium og levande bilete.
  • Er stødig i nynorsk, og har førarkort.

Du må jobbe i ein firedelt turnus, med helgevakter. Vi oppmodar spesielt kvinner til å søkje.

Søknadsfrist 6. mars 2023

Kontaktinformasjon

SØK HER

Powered by Labrador CMS