STILLING LEDIG:

ansatte i Bladet Tysnes

Bladet Tysnes søker redaktør­/dagleg leiar

Vil du styra avis-skuta vår?

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Våge, Tysnes

Søknadsfrist: 2. april

Om arbeidsgjevar:

logo Bladet Tysnes

Bladet Tysnes er lokalavis for Tysnes, utflytta tysnesingar og ferierande i kommunen. Med eit opplag på 2.033 er «Tysnes» den lokalavisa i Norge med høgast opplag i høve til folketalet. Avisa har to faste journaliststillingar og fem tilsette. «Tysnes» har papiravis kvar torsdag og publiserer dagleg på nett. Redaksjonen held til like ved Våge ferjekai i Tysnes, sentralt i Sunnhordland, med kort reiseveg til Stord og Bergen. 

Brenn du for god lokalavisjournalistikk? Vil du vera med på å skriva historie kvar einaste veke? Bladet Tysnes er no på jakt etter ein dyktig og engasjert person til den viktige stillinga som redaktør og dagleg leiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing av det redaksjonelle arbeidet

  • Bidra med gode og engasjerte saker for avisa sine lesarar

  • Overordna ansvar for drifta, inkludert personal- og økonomiansvar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Relevant erfaring innanfor journalistikk/media

  • Leiarerfaring er ønskeleg, men ikkje eit krav

  • Evne til å motivera og inspirera andre

  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne

  • Stor arbeidskapasitet og godt humør

Me tilbyr:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit pulserande lokalsamfunn

  • Entusiastiske medarbeidarar

  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål om stillinga? Ta kontakt med:

  • Øyvind Bjerkestrand, redaktør, tlf. 936 25 240 
  • Elisabeth Anfinsen Seim, styreleiar, tlf. 982 51 612

Søknad kan sendast til: elisabeth.seim@bi.no

Powered by Labrador CMS