STILLING LEDIG:

STYRKJER REDAKSJONEN:
STYRKJER REDAKSJONEN:

Avisa Hordaland søkjer vaktsjefar

Lokalavisa på Voss er i vekst og søkjer vaktsjefar til faste stillingar. Me har høge journalistiske ambisjonar og skal fylla fleire nye roller i redaksjonen. Vil du vera med på laget?

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Voss

Søknadsfrist: 12. oktober

Om arbeidsgivar

Om arbeidsgivar

Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang. Lokalavisa har lokale eigarar og samarbeider med Amedia om alt av tenester og system. Hordaland er opplagsvinnar blant lokalavisene i Vestland med eit opplag på 8334. Me veks kraftig digitalt, samstundes som at papiravisa står sterkt. Avisa kjem ut tre gonger i veka.

I den nye organiseringa skal me ha fire vaktsjefar i turnus. Dette vert ein svært sentral rolle i avisa. Du minner om ein frontsjef, men skal leia journalistar og vil vera tettare på dei daglege journalistiske prioriteringane. Du skal sørga for at Hordaland gjev det beste innhaldet til lesarane våre, både i form av nyheiter og feature. I korte periodar får du utløp for det journalistiske handverket og vert skrivande journalist. Du har ansvar for alle dei digitale flatane våre og rapporterer til nyheitsredaktøren.

Vaktsjef-stillingane er oppretta for at Hordaland skal verta endå meir viktig for lesarane våre. Her får du brukt heile deg til å fornya eit mediehus som skal setja spor etter seg.

Kvalifikasjonar:

  • Har erfaring frå reportasjeleiing eller andre leiarroller/verv i media
  • Kan journalistfaget og har god kompetanse frå avis eller andre publikasjonar
  • Erfaring med fronting og titling er ein fordel, i tillegg til publisering på sosiale media
  • Meistrar digitale reiskapar og forstår verdien av dei digitale avisprodukta for vekst
  • Er presseetisk sterk og står støtt i journalistisk metode
  • Trygg på både foto- og videoredigering, og forstår kommunikasjon på ulike flater
  • God i nynorsk og kjenner glede ved godt språk

Personlege eigenskapar:

  • Er ein lagspelar med evne til å motivera kollegaene dine
  • Sterk motivasjon for å gje abonnentane det beste innhaldet
  • Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske val
  • Brenn for journalistikk som utviklar, underheld og opplyser samfunnet
  • Har lyst til å utvikla deg sjølv og andre til det beste for avisa

Ansvarsområde:

  • Skal sørga for at Hordaland alltid er den viktigaste staden for nyheiter i regionen
  • Skal sørga for at Hordaland er på og leverer det beste innhaldet til abonnentane
  • Ansvarleg for morgonmøter, innhaldsplanleggjing og publisering
  • Ansvarleg for godt språk og gode manus, og coaching av journalistar
  • Jobbar i team med vaktsjefane og rapporterer til nyheitsredaktøren

Det er sjølvsagt ein fordel om du bur eller vert busett på Voss, men ikkje eit absolutt krav. Hordaland er oppteken av å få dei beste søkjarane.

Ei avis for mange

Hordaland held til i sentrum av Voss, ei av dei mest innovative bygdene i Noreg. Med jarnbanen kjem du deg til både Bergen og Oslo, og turmoglegheitene i og kring bygda er heilt unike. Mange kjenner til Voss gjennom Ekstremsportveko, Voss cup, skisport eller Vossa jazz, men Voss har òg ei sterk lokalavis med mange lojale lesarar. Med Voss herad sine 16.000 innbyggjarar vil du som tilsett i Hordaland vera viktig for mange. I tillegg kjem omeignskommunane Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang, som avisa òg dekkjer.

Ver med på laget!

Hordaland er ei nytenkjande avis med tradisjonelle røter, med store ambisjonar for framtida. Me skal vera ein attraktiv arbeidsstad, driva eit moderne mediehus, laga kvalitetsjournalistikk, vera fyrstevalet til kundar og ha ei synleg merkevare. Målet er å verta endå meir viktig for dei som brukar oss.

Vil du vera med å fornya ei av landets beste lokalaviser? Då søkjer du på stillinga som vaktsjef.

Kontaktinformasjon:

Send CV og søknad til [email protected]

Powered by Labrador CMS