STILLING LEDIG:

Firda søker ivrige sommarvikarar

Firda søker engasjerte sommarvikarar som har lyst å jobbe i høgt tempo for å levere på firda.no.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Sommervikarar

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 8. mars

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Firda er lokalavis for sju kommunar. Vi held til i Førde og har 18 årsverk i redaksjonen, og er nyleg kåra til årets lokale nyheitsnettstad av Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Firda skal tilsette vikarar i redaksjonen for sommaren 2021.

Som sommarvikar jobbar du hovudsakleg som nyheitsjournalist, men du er innom alle felt og får ein variert kvardag. Du er motivert til å finne eigne saker, jobbar sjølvstendig og er samarbeidsvillig. I Firda skriv vi nynorsk.

Sommarvikarane våre går i turnus med tidleg-, dag-, kvelds- og helgevakter.

Du må ha førarkort for bil.

Kontaktinformasjon:

Spørsmål om vikariata? Ta kontakt med:

  • Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør: 97055202 eller
  • Trond Grimeland, nyheitsredaktør: 91149804

Send ein kort søknad med CV til [email protected]

Sommarvikariata varer frå midten av juni til midten av august.

Søknadsfrist: Snarast og seinast 8.mars
SØK HER

Powered by Labrador CMS