STILLING LEDIG:

Lotteri- og stiftelsestilsynet søker trainee: Kommunikasjon

Vi ser etter ein engasjert trainee som kan bidra i vårt kommunikasjonsarbeid. I løpet av perioden vil du jobbe innan alle dei tre fagfelta til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Trainee

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 15. mars

Om arbeidsgiver

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette.

Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med viktig samfunnsoppdrag.

Vi er eit av samfunnets viktigaste verkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde.

Sjå www.lottstift.no

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med over 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi skal sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Din arbeidsplass blir i kommunikasjon- og strategistaben, saman med tre tilsette.

Arbeidsoppgåver

  • Innhaldsproduksjon i våre kanalar (nettsider, sosiale medium, intranett, publikasjonar m.m.)
  • Medieovervaking, mediehandtering og pressetelefon
  • Universell utforming, SEO og krav til kvalitet på nett
  • Annonseutforming og profilarbeid
  • Jobbe med klarspråk
  • Brukarundersøkingar og brukartesting
  • Prosjektarbeid
  • Kampanjearbeid
  • Rådgjeving

Du vil ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram frå august 2021 til august 2022.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter ein nyutdanna, engasjert og serviceinnstilt person som har relevant høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, medievitskap eller liknande. Som trainee i kommunikasjonsstaben vår er det viktig at du samarbeider godt med andre, men også evnar å jobbe sjølvstendig.

Generelle krav til traineear i Framtidsfylket:

  • Utdanning på bachelor eller masternivå
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar
  • Beherske nynorsk og bokmål

Om deg

Du brenn for kommunikasjon og ønsker å lære og få erfaring i eit godt fagmiljø. Du tar initiativ og er løysingsorientert. Du har interesse for godt språk, er god på sosiale medium og har interesse for eller erfaring frå mediearbeid.

Vi tilbyr

Som trainee i Lotteri- og stiftelsestilsynet vil du få:

  • Ein spennande jobb som gir ein god start på karrieren
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein mentor som følgjer deg opp
  • Inngåande kjennskap til frivillig sektor i Norge, samt korleis pengespel og stiftelsar blir regulert
  • Godt innblikk i statleg forvaltning
  • Eit breitt innsyn i næringslivet i Vestland
  • Nettverk med andre traineear – inkludert fire samlingar og ein utanlandstur

Vi held til i moderne lokale midt i Førde sentrum. Her er det trening i arbeidstida, fleksitid, felles kantine og trimrom. Du blir tilsett i august 2021 med løn etter avtale.

Kontaktinformasjon:

Her kan du lese om Framtidsfylket sitt traineeprogram.

Les meir om organisasjonen og oppgåvene våre her

Søknadsfrist: 15.03.21
SØK HER

Powered by Labrador CMS