STILLING LEDIG:

Fagforbundet søker informasjons­­rådgivar til vikariat

Fagforbundet har ledig eit vikariat som rådgivar på informasjonsavdelinga, fordi ein av våre medarbeidarar skal ut i foreldrepermisjon. Vikariatet er ledig frå 1. februar til 30. september 2023.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidsstad: Oslo

Søknadsfrist: 23. oktober

Om arbeidsgjevaren:

Fagforbundet er den største arbeidstakarorganisasjonen i landet, med meir enn 400.000 medlemmar. Fagforbundet organiserer arbeidstakarar i kommunale, fylkeskommunale, private og offentlege verksemder, i tillegg til tilsette i sjukehus. Fagforbundet arbeider for eit samfunn som er tufta på omtanke, solidaritet og samhald.

www.fagforbundet.no

Fagforbundet arbeider aktivt for å nå målsettingane i IA-avtalen. Personar med minoritetsbakgrunn blir oppmoda til å søke.

Informasjonsavdelinga har 16 medarbeidarar med ansvar for informasjon til medlemmer og tillitsvalde, materiellproduksjon, kampanjar, nettsider, sosiale media og medierådgiving. Vi har òg eige hustrykkeri.

No søker vi ein medarbeidar som kan ta på seg mange ulike oppgåver på avdelinga. Vi søker ein kollega som har journalistisk eller informasjonsfagleg erfaring, og det vil vera ein fordel med kunnskap om digital innhaldsproduksjon, strøyming og sosiale media. Framfor alt er vi ute etter søkarar har eit sterkt samfunnsengasjement, god politisk og organisatorisk forståing – og som likar å samarbeide.

Arbeidsoppgåver

  • Produsere innhald til Oss tillitsvalgte, ulike trykksaker, nettsida og kanalane våre i sosiale media.
  • Arbeid med sosiale media, strøyming og lyd- og bilderedigering.
  • Informasjonsarbeid knytt til tariffoppgjer og valkamp.
  • Ta del i andre oppgåver på avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning eller erfaring frå journalistikk eller kommunikasjonsfag.
  • Erfaring frå politisk og organisatorisk arbeid
  • Erfaring frå arbeid med sosiale media, blant anna med foto- og videoinnhald.

Relevant dokumentasjon skal leggast ved søknaden i webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å uttrykke seg raskt og godt skriftleg.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Sterkt samfunnsengasjement.
  • Evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
  • Utfordrande arbeidsoppgåver
  • Tilrettelegging for kompetanseutvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår

Kontaktinformasjon:

  • Kjell-Erik Kallset, leder, tlf: 952 28 158
  • Geirmund Jor, nestleder, tlf: 416 48 263

SØK HER

Powered by Labrador CMS