Olje- og energidepartementet søker kommunikasjonsrådgiver / taleskriver
Vil du jobbe med norsk energipolitikk?
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Vikariat
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 12. mars
Om arbeidsgiver:
Olje- og energidepartementet si hovudoppgåve er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.
I samsvar med offentleglova § 25 gjer me merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Ansvarsområder og arbeidsoppgåver
Om stillinga:
Det er ledig eit vikariat som kommunikasjonsrådgiver/taleskriver i Olje- og energidepartementet. Me søkjer deg som er samfunnsinteressert, som kan gi solid kommunikasjonsfagleg støtte, og som trivst på reisefot og med høgt tempo. Som medarbeidar i Kommunikasjonseininga blir du del av eit lag med fem erfarne kollegaer som blir leia av kommunikasjonssjefen.
Arbeidsoppgåver er varierte og omfattar blant anna:
Skriving av talar og innlegg for statsråden
Pressehandtering
Planlegging av reiser og arrangement
Produsere innhald til regjeringa.no og sosiale medium
Tett kontakt med fagavdelingane og politisk leiing
Stillinga er ein del av vaktordninga i kommunikasjonseininga, og du må rekne med tidvis kvelds- og helgearbeid. Det er også ein del reiseverksemd.
Nødvendige kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar:
Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
Erfaring frå relevant kommunikasjonsarbeid og/eller journalistikk
Erfaring med skriving av talar og innlegg
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel om du har kjennskap til offentleg sektor
Personlige eigenskapar:
Me søkjer ein person som er imøtekomande, løysingsorientert og som samarbeider godt. Stillinga krev at du har god rolleforståing, analytiske evner og forstår politiske prosessar. Du tar initiativ, jobbar sjølvstendig og er strukturert. Du har stor arbeidskapasitet, set deg raskt inn i ulike saker og trivst med eit høgt arbeidstempo.
Vi tilbyr:
Godt, inkluderande arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer
Vi har fleksible arbeidstidsordningar
Betalt overtid
Trening i arbeidstida
Årslønn i spennet frå 510 00 til 630 000 kroner. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Generell informasjon
Positiv særbehandling
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Vi ber søkjarar om å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV, eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i sine årsrapportar.
Mangfoldserklæring
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til å løyse oppgåvene våre betre. Me oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me vil gjerne ha søknad frå deg som har stått utanfor arbeid eller utdanning i ein periode og som fyller kvalifikasjonskrava til stillinga.
Vi vil legge til rette for medarbeidarar ved behov. Det kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid
Kontakinformasjon
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med: