Utlendingsdirektoratet (UDI) søker seniorrådgivar brukarinnsikt og analyse
Rollen som teamleiar i ei ny satsing på å betre og utvikle gode tenester til UDI sine søkjarar, der solid brukarinnsikt og analyse spelar ei sentral rolle.
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Fast
Arbeidssted: Oslo
Søknadsfrist: 24. november
Om arbeidsgiver
Utlendingsdirektoratet (UDI) skal iverksetje staten sin innvandringspolitikk gjennom handsaming av søknadar om ulike typar opphalds- og arbeidsløyver, og sikre at flyktningar får vern gjennom handsaming av asylsøknadar. UDI er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. Sjå også www.udi.no
UDI er i ein omstillingsfase, der gode brukaropplevingar og kortare ventetider står sentralt. Denne stillinga blir viktig for å nå målet i strategien vår, om at vi skal jobbe systematisk med å forstå brukarane sine behov og utvikle effektive tenester i tråd med dette. Kvart år får om lag 90 000 personar søknaden sin behandla av UDI. Måten vi møter dei på, spelar ei viktig rolle i livet deira.
Stillinga vil vere knytt til UDI-Kommunikasjon, som frå nyttår blir 24 medarbeidarar. Vi vil da etablere eit tverrfagleg team som skal jobbe med brukarinnsikt og analyse, med kompetanse frå ulike delar av organisasjonen. Frå før har vi ein nettredaksjon, eit team for presse og samfunnskontakt, eit for intern kommunikasjon og eit team retta mot ikkje-digitale søkjarar. Vi får dessutan ei språkeining for tolking og omsetting.
Arbeidsoppgåver
leie eit tverrfagleg team som skal jobbe strategisk med brukarinnsikt og analyse
gjennomføre brukarundersøkingar og brukartestar
gjennomføre gode analyser av den samla brukarinnsikten vår
vere ein pådrivar for systematisk brukarinnsiktsarbeid som grunnlag for tenesteutviklinga
utvikle og betre tenester til søkjarane i samarbeid med andre
bidra til å utvikle kompetansen på brukarinnsiktsarbeid i UDI
Kvalifikasjonar
relevant høgare utdanning på masternivå (lang og brei erfaring kan kompensere for kravet)
relevant erfaring med brukarinnsikt og analyse, som bidreg til utvikling av effektive brukartenester
gode analytiske evner
erfaring frå team- eller prosjektleiing
erfaring med å gjennomføre ulike typar brukarundersøkingar og brukartestar
kompetanse på bruk av digitale analyseverktøy
kompetanse på tenestedesign vil vere ei føremon
dokumenterte resultat frå same type stilling vil vere ei føremon
Personlege eigenskapar
Analytisk og med gode samarbeidsevner
Fleksibel og serviceinnstilt teamleiar
Evne til å få med deg organisasjonen på å tenke nytt om brukarinnsikt og tenesteutvikling
God forståing for tenestedesign og digital tenesteutvikling
God forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag
Vi tilbyr
Rollen som teamleiar i ei ny satsing på å betre og utvikle gode tenester til UDI sine søkjarar, der solid brukarinnsikt og analyse spelar ei sentral rolle.
Ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar.
Stillinga blir lønna som seniorrådgivar i lønnsspennet 650.300 kr til 776.900 kr. Høgare løn kan vurderast for særleg godt kvalifiserte søkjarar. Frå lønna trekkjer vi to prosent innskot til Statens pensjonskasse.
Du må leggje attestar og vitnemål inn i portalen saman med søknaden. Søkjarar som blir kalla inn til intervju, vil bli bedne om å sende lenkje til Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Viss du har utdanning frå utlandet, ber vi om attest frå Nokut.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen viss du har funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.