STILLING LEDIG:

Statsministerens kontor søkjer rådgivar/­senior­rådgivar til Kommunikasjons­­seksjonen

I Kommunikasjonsseksjonen er det ledig ei fast stilling som kommunikasjonsrådgivar. Me søkjer deg som er samfunnsinteressert, som kan gi solid kommunikasjonsfagleg støtte, og som trivst på reisefot og med høgt tempo.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 15. august

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

Statsministerens kontor er felleskontor for regjeringa, og har arbeidsgivarfunksjon for alle politikarane i departementa. Statsministerens kontor hjelper statsministeren med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, blant anna ved å førebu, gjennomføre og følge opp regjeringskonferansane og

Statsrådet sine møter hos Kongen.

Kontoret samordnar kontakten mellom regjeringa og Stortinget, inkludert regjeringsmedlemmenes deltaking i Stortingets spørjetimar og i enkelte debattar. I tillegg hjelper kontoret statsministeren i det internasjonale arbeidet hennar.

Kontoret har i dag ein politisk stab på 9 personar og ein fast stab på om lag 60 personar. Den faste staben er fordelt på Administrativ og konstitusjonell avdeling, Innanriksavdelinga, Internasjonal avdeling og Kommunikasjonsseksjonen.

Om stillinga

Som medarbeidar i Kommunikasjonsseksjonen ved Statsministerens kontor blir du del av eit lag med sju erfarne kollegaer som blir leia av kommunikasjonssjefen.

Arbeidsoppgåvene i seksjonen består blant anna i å gi råd og leggje til rette for statsministerens og kontorets mediekontakt, skrive talar og planleggje reiser og ulike aktivitetar. Me jobbar for å nå ut til publikum med relevant og viktig informasjon via regjeringa.no og sosiale medium. Me samarbeider tett med politikarane, departementa og andre aktørar i kommunikasjonsarbeidet.

Kvalifikasjonar:

Du må

  • ha relevant høgare utdanning, med fullført grad på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan i visse høve kompensere for kravet til utdanning.
  • ha interesse og god forståing for politikk og samfunnsliv
  • ha erfaring frå relevant kommunikasjonsarbeid eller journalistisk arbeid
  • kunne formidle ein bodskap både via tradisjonelle og nye kommunikasjonsplattformer
  • ha erfaring med foto, film og arbeid i digitale kanalar
  • kunne formulere deg godt, både munnleg og skriftleg, på bokmål, nynorsk og engelsk
  • ha god kunnskap om offentleg sektor

Personlege eigenskapar:

Me søkjer ein person som er imøtekomande, løysingsorientert og som samarbeider godt. Du er pedagogisk og flink til å lære bort til andre. Stillinga krev at du har god rolleforståing, analytiske evner, god vurderingsevne og forstår politiske prosessar. Du tar initiativ, jobbar sjølvstendig og er strukturert. Du har stor arbeidskapasitet, set deg raskt inn i ulike saker og trivst med eit høgt arbeidstempo. Du er fleksibel, og ikkje redd for å ta på deg nye oppgåver.

Informasjon:

Stillinga har stillingskode 1436 rådgivar eller 1364 seniorrådgivar, avhengig av utdanning og erfaring. Lønn blir fastsett individuelt og vil liggje i spennet frå 600 000 til 800 000 kroner. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vere aktuelt. Stillinga er del av ei vaktordning med eit vakttillegg. Du må rekne med reiseverksemd, og morgon-, kvelds- og helgearbeid.

Den som blir tilsett må kunne sikkerheitsklarerast for STRENGT HEMMELEG.

Generell informasjon:

Statlege arbeidsplassar skal spegle mangfaldet i samfunnet og gjere nytte av kompetansen til den enkelte. Me oppfordrar difor kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av for eksempel alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me vil gjerne ha søknad frå deg som har stått utanfor arbeid eller utdanning i ein periode og som fyller kvalifikasjonskrava til stillinga.

Me oppfordrar alle som søkjer til å laste opp vitnemål frå Vitnemålsportalen og leggje ved søknaden, saman med kopi av relevante attestar.

Kontaktinformasjon:

  • Anne Kristin Hjukse, kommunikasjonssjef, tlf: 992 14 610
  • Åsta Skre, avdelingsdirektør, tlf: 222 44 022

SØK HER

Powered by Labrador CMS