STILLING LEDIG:

NRK Møre og Romsdal søkjer nettjournalist i fast stilling

Vi søkjer etter ein digital journalist med arbeidsleiarerfaring til redaksjonen i Ålesund.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Ålesund

Søknadsfrist: 21. februar

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.


Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Arbeidsoppgaver

  • Finne og lage innhald for digitale plattformer
  • Jobbe fram eigne nyheitssaker frå Møre og Romsdal og presentere dei for eit nasjonalt publikum
  • Stillinga inneber arbeid i turnus med kveld- og helgevakter

Kvalifikasjoner

  • Dokumentert digital kompetanse
  • Godt utvikla nyheitsteft og nyheitsinteresse
  • Høgt etisk medvit
  • Erfaring frå arbeidsleiing frå ein nyheitsredaksjon er ein fordel
  • Sikkert språk og god formidlingevne
  • Nynorskkompetanse er ein fordel
  • Kjennskap til kva som skal til for at ein reportasje blir lest/høyrt og delt
  • Søkjaren må ha sertifikat

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit interessant dekningsområde
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Reportasjearbeid for regionale og nasjonale flater
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • NRK Møre og Romsdal flyttar inn i moderne lokale i sentrum av Ålesund våren 2021

Kontaktinformasjon

  • Kjell E Myklebust, redaksjonssjef 970 90 780
  • Janne Brit Aasen, nyheitssjef 996 41 676

Søknadsfrist: 21.02.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS