STILLING LEDIG:

Lokalavisa «Tysnes» har ledig fast 100% stilling som journalist
Me søkjer ein ekte lokalavis-journalist som kan sjå føre seg ei framtid i lokalavisa på Tysnes.
Ein av våre to faste journalistar søkjer nye utfordringar. Me har difor ledig stilling frå 1. mars, eller etter avtale.
Aller helst ynskjer me oss ein søknad frå deg som:
• Er oppteken av å skriva om små og store saker som er av interesse for folk som bur på Tysnes
• Tenkjer både papir og digitalt
• Stiller med friskt pågangsmot og vågar å stilla kritiske spørsmål når det er nødvendig
• Viser entusiasme enten det er knøttefotball, kommunestyremøte, bollebasar på bedehuset, næringslivsnytt eller DDE-konsert på Tysnesfest som skal dekkast
• Er glad i å skriva, og kan skriva god nynorsk
• Har førarkort og eigen bil
• Ønskjer å bu på Tysnes
Me tilbyr:
• Godt arbeidsmiljø
• Høve til fagleg opplæring og vidare utvikling
• Ansvar til å jobba med eigne saker
• Høve til å vera med å påverka utviklinga i ei lita avis
Har du lyst å jobba i ei pulserande lokalavis i turistperla Tysnes? Kontakt redaktør/dagleg leiar Ole Skaten, tlf. 970 29 220.