STILLING LEDIG:

NRK Vestland søkjer sommarvikarar

Vi er på jakt etter journalistar som kan løfte saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum. Du må vere oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valt av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Sommervikar

Arbeidssted: Førde, Bergen

Søknadsfrist: 5. februar

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.


Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Vestland har fleire ledige sommarvikariat i Førde og Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Nyheitsarbeid for nett, radio, TV og sosiale medium.
  • Jobbe fram saker frå idé til ferdig sak.
  • Utrykking på store hendingar.
  • Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med nyheitsarbeid.
  • Har god nyheitsteft og evne til å ha oversikt i eit hektisk nyheitsbilete.
  • Er samfunnsengasjert og følgjer med i nyheitsbiletet.
  • Skriv godt og har ei sikker munnleg språkføring.
  • Har evne til å formidle og velge innhald slik at det treffer målgruppa.
  • Har god digital forståing og evne til å setje seg inn i teknisk utstyr.

Personlege eigenskapar

  • Har energi og humør.
  • Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar.
  • Har gjennomføringsevne og engasjement.
  • Har gode samarbeidsevner og vilje til å vere med på å løfte heile laget

Vi tilbyr

  • Redaksjonen i NRK Vestland har eit godt arbeidsmiljø.
  • I NRK Vestland vil det vere gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
  • Du vil få arbeide i ein spanande nyheitsredaksjon der du får erfaring med både nett, TV, radio og sosiale medium.

Annet

  • Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.
  • Du må ha førarkort.
  • Skriv om du ynskjer å jobbe i Bergen, Førde eller begge stader.

Kontaktinformasjon

  • Linda Olin Reite, redaksjonssjef, 975 00 907
  • Sindre Vik Helgheim, nyheitssjef, 416 29 904

Søknadsfrist: 05.02.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS