STILLING LEDIG:

Sogn Avis søker to journalistar

Me er ute etter kvikke, kreative og digitale nyheitsjournalistar som kan hjelpa oss i kampen om dei yngre lesarane.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Hermansverk i Sogndal

Søknadsfrist: 23. april

Om arbeidsgiver

Sogn Avis er ein del av Amedia-konsernet. Me har hovudredaksjonen på Leikanger og avdelingskontor i Årdal. Me dekkjer heile Indre Sogn som no er nye Sogndal kommune, Vik, Luster, Ardal, Lærdal og Aurland.

Sogn Avis er ei av dei raskast veksande lokalavisene i landet. No treng me deg som kan hjelpa oss til nye høgder. Som journalist hjå oss må du vera klar for det meste, trivast når det er travelt og vera både lagspelar og sjølvgåande.

Du vil få høve til å jobba med eigne saker, i tillegg til vakter der du jobbar i tett samspel med frontsjefane som styrer arbeidet i det daglege. Stillinga inneber morgon, kvelds- og helgevakter.

Hjå oss vil du finna eit ambisiøst og inkluderande arbeidsmiljø med både ungt pågangsmot og rutine du kan læra av.

Me ynskjer oss folk med journalistutdanning, annan relevant utdanning eller relevant arbeidserfaring. Den du er, det du kan og potensialet me ser i deg kan vega opp for manglande formell kompetanse.

Me kan lova deg ein spanande jobb i eit spanande vekstområde. Her vil du få både ansvar og fridom til å utfalda deg.

Du må skriva god nynorsk og ha førarkort for bil.

Kontaktinformasjon:

Oppstart etter avtale.

Søknadsfrist: 23.04.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS