STILLING LEDIG:

NORDRE søker redaktør

Frå 1. desember har vi ledig stilling som redaktør

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Brattvåg

Søknadsfrist: 23. september

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

NORDRE er lokalavisa for nordre del av Ålesund, tidlegare Haram og Sandøy. Papiravisa kjem ut ein gong i veka og med daglege oppdateringar på nett. Lokala til Nordre er i Brattvåg sentrum. Avisa har lokale eigarar og selskapet har eigarinteresser og samarbeid med avisene Sulaposten og Midsundingen.

Vi jaktar på ein humørfylt inspirator med god penn og sans for dei gode lokale sakene. Som redaktør i Nordre må du forstå samfunnsrolla til lokalavisa, og ha hjarte og teft for å lage journalistikk for dei som bur i heile dekningsområdet.

Nordre dekker nordre del av Ålesund kommune, tidlegare Haram og Sandøy. I august 2022 opnar vegsambandet Nordøyvegen og gir fastlandsforbindelse til over 2700 innbyggarar og knyter regionen saman. Distriktet er eit av dei fremste industriområda i fylket.

Redaktøren skal vere ein aktiv skrivande ressurs, men skal også bruke av si tid til å utvikle både medarbeidarane og lokalavisa sitt lesartilbod på papir og digitalt. Redaktøren er fagleg leiar for dei redaksjonelle medarbeidarane, samt ansvarleg for stoffproduksjon og avisprodukt. Redaktøren har ansvar og myndigheit i høve redaktørplakaten.

Vi arbeider i Office og Adobe på Mac. Avisa vert gitt ut på nynorsk. Kjennskap til dekningsområdet vil vere ein fordel.

Løn etter avtale.

Kontaktinformasjon:

Send søknad til Nordre ved styreleiar Einar Ekroll på e-post: [email protected]

Powered by Labrador CMS