STILLING LEDIG:

NRK søker sommervikarer i Trondheim

Vil du jobbe med journalistikk og har stor lærevilje? Vi søker sommarvikarar til våre mange redaksjonar i NRK Trøndelag.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Sommervikar

Arbeidssted: Trondheim

Søknadsfrist: 15.januar

Om arbeidsgiver:

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Vi har om lag 200 tilsette som driv omfattande medieproduksjon på nett, radio, podkast, bilde, video og sosiale medium – både lokalt og nasjonalt. Vi har og det største nyheitsmiljøet i NRK utanfor Oslo. NRK Trøndelag har hovudkontor på Tyholt i Trondheim, men har også vikarbehov i avdelinga i Steinkjer.

Skriv gjerne kva miljø du har mest lyst til å jobba i.

Dette er oss:

NRK Trøndelag har eit klart mål om å sette dagsorden på nrk.no. I tillegg til lokaloppdraget skal vi også levere aktuelt stoff om kunnskap, livssyn og livsstil gjennom sommaren. Miljøa på nyheitsgolvet er i front, og vi treng vikarar med god nyheitsteft som liker å jobbe under tidspress.

  • Distriktskontoret NRK Trøndelag løfter dei lokale historiene mellom anna på nrk.no og Dagsrevyen.Vi lagar også lokalt nyheitsprogram på TV og seks timar levande direkteradio kvar dag. Det er ein fordel å vere godt orientert i nyheitsbildet i Trøndelag.
    • Du må ha god nyheitsteft og like jobbing under press
    • Du må vere iderik og språksikker og ha god presseetisk forståing
    • Nettjournalistikken er heilt sentral, men det er også ein fordel å kunne noko radio og TV/video
    • Du treng førarkort for personbil
    • Vi treng reporterar både i Trondheim og i Steinkjer

Kontaktperson: Nyheitssjef Amund Aune Nilsen, 942 42 301

  • Redaksjon DM driv Noregs største nyheitskonto på Instagram, nrknyheter, og leverer radio i NRK P3 med P3nyheter, i tillegg til å drifte Facebook-kontoar og andre satsingar på publikumskontakt i NRK.

Hos oss vil du jobbe i eit prisvinnande, ungt nyheitsmiljø, og lage godt og viktig innhald som treff unge vaksne. Vi ser etter ein journalist som brenn for å gjere det som skjer rundt oss forståeleg på radio og sosiale medium. Her vil du lage daglege bulletengar og løpande produksjon av nyheiter.

Vi treng sommarvikarar som jobbar godt på sosiale medium og veit kva innhald som treff unge.

Kontaktperson: Redaksjonsleiar Oliver Rønning, 916 07 908

NRK Trøndelag lagar ei rekke radioprogram, podkastar og andre lydopplevingar til NRK Radio.

  • Magasinmiljøet på radio, som mellom anna lager nyheitsmagasinet Dagens i NRK P1 og livssyns-/etikkmagasinet Kompass i NRK P2, treng vi journalistar med god formidlingsevne på radio og sans for å gje nyheiter- og aktualitetar til det breie laget av folket.
  • Musikkmiljøet på radio, som mellom anna har ansvar for Kveldsåpent og fleire andre musikkflater i NRK P1, treng gode DJ-ar og gode musikkformidlarar.
  • NRK Trafikk leverer trafikkinformasjon og treng sommarvikar med god radiostemme og eit klårt hovud som takler stress og direkteformidling.

Kontaktperson: Fungerande programsjef Merete Verstad, 480 74 179

Kontaktinformasjon:

  • Kristian Hovstad, fungerande kompetansesjef, tlf: 480 75 243
  • Oliver Rønning, redaksjonsleiar DM, tlf: 916 07 908

SØK HER

Powered by Labrador CMS