STILLING LEDIG:

NRK Nynorsk mediesenter søkjer faglærar i journalistikk og media

Vi søkjer no ein faglærar i fast stilling. Faglæraren må vere ein dyktig og engasjert journalist og nynorskbrukar, ha gode allmennkunnskapar og røynsle frå NRK sine plattformer.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Førde

Søknadsfrist: 11. april

Om arbeidsgiver

Om arbeidsgiver

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Nynorsk mediesenter er det strategiske rekrutteringstiltaket for meir nynorsk i NRK. Vi held til i Førde og har tre tilsette - ein leiar og to faglærarar. Føremålet er å lære opp nynorskbrukande journalistar for radio, fjernsyn, nett og sosiale medium. Vi tek inn ti praktikantar fordelt på to kull i året.

Arbeidsoppgåver

Faglæraren har ei nøkkelrolle i opplæringa av nynorskpraktikantar i NRK. Det er ei svært praktisk opplæring etter lære-med-å-gjere-det-metoden. Faglæraren underviser og rettleiar i journalistikk og arbeidsverktøy, og praktikantane lagar saker for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium i den daglege produksjonen i redaksjonen.

NRK Nynorsk mediesenter er og sentral i nynorskarbeidet i NRK, og det er ønskeleg at faglæraren kan vere med i dette arbeidet.

  • Fagleg undervising og rettleiing i journalistikk på alle plattformer
  • Oppfølging og rettleiing under produksjon av saker på alle plattformer
  • Planlegging og tilrettelegging av opplæring og kurs for praktikantane
  • Delansvar for tilsetting av nye praktikantar saman med leiar
  • Oppfølging av praktikantar i intern og ekstern praksis
  • Oppdatere mediesenteret sine kanalar på nett, Facebook og Instagram
  • Bidra i NRK Nynorsk mediesenter sine tiltak for nynorsk i NRK

Kvalifikasjonar

  • Brei røynsle som journalist på alle plattformer
  • God kjennskap til NRK sine plattformer og verktøy
  • Språkleg stødig og engasjement for nynorsk i media
  • Pedagogiske evner til å lære frå seg både teoretisk og praktisk

Personlege eigenskapar

NRK Nynorsk mediesenter driv ei svært intensiv opplæring, som krev mykje av faglærarane, både fagleg og menneskeleg. Faglærarane må ha stor fagleg kunnskap, evne til å lære frå seg og vere inspirerande. Under produksjon av saker må dei og kunne rettleie praktikantane og ha god dialog med desken i NRK Vestland.

Oppteken av å følgje med i utviklinga i media for å vere i framkant i opplæringa.

Vere tydeleg på kva som krevst og samstundes skape eit godt og trygt læremiljø.

Vere eit solid språkmenneske, ha eit medvite forhold til nynorsk og gje praktikantane ballast nok til å klare seg godt som nynorskbrukande journalistar.

Jobben stiller krav til faglærarane sin sosiale kompetanse og at dei må kunne sjå og kjenne folk.

Vi tilbyr

Jobben som faglærar ved NRK Nynorsk mediesenter er ein unik moglegheit til å jobbe med unge, engasjerte og talentfulle journalistar. Vi er samlokaliserte med NRK Vestland i Førde og er kjende for å ha gode tradisjonar for opplæring av unge journalistar.

Faglæraren vil bli ein del av eit mediehus med eit ungt og offensivt nyhendemiljø, som legg vekt på å hengje med i utviklinga i mediebransjen.

For å halde fagkunnskapane ved like, er det opning for at faglærarane jobbar for NRK Vestland eller andre NRK-avdelingar i periodar med mindre undervising av praktikantar.

Kontaktinformasjon

Søknadsfrist: 11.04.2021
SØK HER

Powered by Labrador CMS