STILLING LEDIG:

Avisa Valdres søkjer nyheitsjournalist

Kan du tenkje deg å jobbe i ein redaksjon der kvar dag er ulik, og du i stor grad jobbar med å setje dagsorden?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Fagernes

Søknadsfrist: 21. februar

Om arbeidsgiver

Avisa Valdres er lokalavisa for Valdres-regionen. Avisa har over 118 års tradisjon som den leiande lokalavisa for kommunane Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Etnedal. Regionen har totalt ca 18.000 innbyggjarar og ca 18.500 fritidsbustadar. Lesarane våre bur i Valdres, har hytte i Valdres, er utflytte valdrisar, eller har anna tilknyting til regionen. Vi har eit opplag på ca 8.800. Vi har sterk utvikling på nett, og kjem ut med papiravis tysdagar, torsdagar og laurdagar. Vi gir også ut Valdresmagasinet seks gonger i året. Valdres Media er eigd av GD-konsernet på Lillehammer og vi er ein del av Amedia.

Vi har ledig stilling som nyheitsjournalist

Kan du tenkje deg å jobbe i ein redaksjon der kvar dag er ulik, og du i stor grad jobbar med å setje dagsorden? Der du kan jobbe med å utvikle nyheiter og saker for nett og papir? Du får høve til å jobbe med alle sjangrar og saksfelt, men med spesielt auge for nyheitsfeltet.

Journalistikken er i stor utvikling, også for lokalavisa. Frå å gje ut avis på papir tre/fire gonger i veka lagar vi no avis døgnet rundt. Vi er der det skjer og vi ynskjer å setja dagsorden. Vi skal utfordre makta og gå tett på, og vi skal også fortelje dei gode og nære historiene. Vi trekkjer store vekslar på vera ein del av eit leiande aviskonsern. Som journalist i avisa Valdres får du i stor grad jobbe sjølvstendig der det er stort rom for eigne idear og medverknad.

Vi tilbyr ein spanande kvardag i eit triveleg, men hektisk miljø. Du jobbar raskt, trivst med høgt tempo og har teft for dei gode sakene. Du har eit breitt interessefelt, og kan skrive både nynorsk og bokmål. Du har like eins augo for gode bilete. Du må ha førarkort klasse B. Du har utdanning og/eller erfaring frå journalistisk arbeid, god kjennskap til sosiale medium, og har høg digital kompetanse.

Stillinga er fast, og vil inngå i turnus med kvelds- og helgevakter. Arbeidsstaden er Fagernes. I mai 2021 flytter vi inn i nye og moderne redaksjonslokale i avishuset i Skrautvålsvegen 15.

For meir informasjon, kontakt:

SØKNADSFRIST: 21.02.2021
Søknad med CV kan sendast til hilde.havro@avisa-valdres.no

Powered by Labrador CMS