STILLING LEDIG:
NRK Rogaland søker videojournalist
Har du lyst på jobb som videojournalist i Stavanger?
Denne artikkelen er over to år gammel.
I Stavanger har vi ledig eit vikariat ut året som videojournalist. Vi ønskjer snarleg tiltreding, og søkjer ein som i hovudsak skal jobbe med nyheiter og visuell journalistikk i NRK Rogaland.
Arbeidsoppgåver
Du skal lage reportasjar til lokale og nasjonale nyheitssendingar på TV, og levere direkteinnslag til TV og nett, åleine eller saman med reporter. Ei viktig arbeidsoppgåve er å bidra med visuelt innhald som løfter nettsakene våre.
Kvalifikasjonar
- Du har nyhetsteft og idéar til saker og vinklingar som treff ungt og bredt.
- Du har god erfaring med foto og redigering, og er trygg både teknisk og journalistisk.
- Du har god kjennskap til Adobe CC, Premiere Pro og relevante bildebehandlingsverktøy.
- For å søkje på dette vikariatet, må du ha førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du har gjennomføringskraft, mange idéar og ser alltid etter løysingar. Du likar å jobbe åleine med sakene dine, men er også ein lagspelar som samarbeider godt med andre.
- Du har konkurranseinstinkt og likar difor å jobbe effektivt og hurtig.
- Du er oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Opplæring ved behov, m.a. i å strøyme og å sende direkte.
- Du får jobbe i en spennande redaksjon med inspirerande kollegaer.
- NRK Rogaland har eit kreativt og godt arbeidsmiljø som gir deg gode utviklingsmoglegheiter.
Startdato: 15.02.2022
Sluttdato: 31.12.2022
Kontaktinformasjon:
- Cecilie Berntsen Jåsund, redaksjonssjef, tlf: +47 976 17 128
- Torkel Schibevaag, fungerende Nyhetssjef, tlf: +47 478 35 306