STILLING LEDIG:
NRK Møre og Romsdal søkjer sommarvikarar
NRK Møre og Romsdal søkjer etter sommarvikarar. Vi tilbyr jobb i eit spennande nyheitsmiljø som leverer innhald til nett, radio og TV.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Vi søkjer etter journalistar med erfaring frå redaksjonelt arbeid innan nett, radio eller TV.
Arbeidsoppgåver
- Vere med å jakte etter gode saker frå Møre og Romsdal og fortelje dei på en spennande måte
- Bruke kjeldenettet og kunnskapen du har om regionen til å finne gode nyheitssaker og utvikle desse for eit nasjonalt publikum
- Rask formidling/direkterapportering av hendingar til alle plattformer, spesielt nett og radio
- Vikariatet inneber arbeid i turnus med kvelds- og helgevakter
Kvalifikasjonar
- Sikkert språk
- Kompetanse i digital journalistikk blir vektlagd
- Kjennskap til kva som skal til for at ein reportasje blir lest/høyrt og delt
- God kjennskap til bruk av sosiale medier
- Søkjarar må ha sertifikat
Kontaktinformasjon:
- Kjell E Myklebust, redaksjonssjef, tlf: 970 90 780
- Janne Brit Aasen, redaksjonssjef, tlf: 996 41 676