NRK Vestland søkjer sommarvikarar til nyhenderedaksjonen
Vil du vere sommarvikar hos NRK Vestland?
PublisertSist oppdatert
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Sommarvikarar
Arbeidsstad: Førde / Bergen
Søknadsfrist Førde: 4. januar
Søknadsfrist Bergen: 1. januar
Antal stillingar: 5
Om arbeidsgivar:
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
NRK Vestland søkjer sommarvikarar til nyhenderedaksjonen i Førde og Bergen. Vi ser etter deg som vil lage saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum på nrk.no, radio og tv. Du bør ha noko erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon.
Vi vurderer søknader fortløpande, så søk gjerne tidleg!
Arbeidsoppgåver
Lage nyheitssaker til nett, radio, TV
Jobbe fram saker frå idé til ferdig sak
Jobbe med løpande nyheiter på desk
Utrykking på store hendingar
Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer
Kvalifikasjonar
Vere samfunnsengasjert
Ha erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon
Godt språk.
Personlege eigenskapar
Har engasjement og godt humør
Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar
Jobbar raskt og effektivt
Har gode samarbeidsevner
Er glad i utfordringar og å prøve nye ting
Vi tilbyr
Vi held til i nye og moderne lokale i Nynorskhuset i Førde sentrum. Her er vi lokalisert saman med avisa Firda og Teater Vestland, og vi har ein felles visjon om å bli eit nasjonalt kraftsentrum for norsk språk og kultur.
Vi har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Du vil få arbeide i ein spanande nyheitsredaksjon der du får erfaring med både nett, TV og radio.
Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.
Det kan også vere aktuelt for sommarvikarar å jobbe frå lokalkontora våre i Sogndal, Nordfjord, Odda eller på Stord delar av tida.