STILLING LEDIG:

utsiktsbilde over Ålesund

NRK søkjer journalist i Ålesund - vikariat

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidssted: Ålesund

Søknadsfrist: 8. oktober

Om arbeidsgiver:

NRK logo

NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

NRK Møre og Romsdal har ledig eit vikariat som journalist. Stillinga er lagt til redaksjonen i Ålesund.

Vi søkjer deg som er opptatt av dagsordensetjande journalistikk, har godt språk og høgt etisk medvit. Du må ha solid digital kompetanse og dokumenterte resultat innan nettjournalistikk. Oppstartsdato blir så snart som mogleg, og vikariatet varer i eit halvt år.

Arbeidsoppgåver

  • Jobbe fram eigenjournalistikk og presentere dette på fleire plattformer, men med hovudvekt på det digitale
  • Produsere lokale nyheitssaker som også treff eit nasjonalt publikum

Stillinga inngår i redaksjonen sin fleirmedielle turnus med arbeid morgon, kveld og helg

Kvalifikasjonar

  • God språkføring, muntleg og skriftleg
  • Eigne kjeldenettverk
  • Du må ha førarkort

Me tilbyr

Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit spennande dekningsområde

Kontaktinformasjon

  • Kjell E Myklebust, redaksjonssjef, tlf. 970 90 780
  • Charlotte Ervik, distriktsredaktør, tlf. 996 42 362

SØK HER

Powered by Labrador CMS