STILLING LEDIG:

ansatte i bedriften på kontoret

Avisa Nordhordland søker journalist

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Vikariat, fulltid

Arbeidssted: Knarvik

Oppstartsdato: Snarest

Søknadsfrist: 25. september

Om arbeidsgiver

nordhordland logo

Avisa Nordhordland er ei nynorskavis som vart etablert i 1974. Avisa har seks faste tilsette, men jobbar også tett saman med Amedia sine to lokale medierådgivarar. Redaksjonen og medierådgivarane held til i nye og trivelege lokale sentralt plassert i Knarvik senter. Vårt primære dekningsområde er kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Gulen. Nettavisa nordhordland.no blir oppdatert kontinuerleg, medan papiravisa kjem ut onsdag og laurdag. Avisa Nordhordland er ein del av Amedia-konsernet.

Me er på jakt etter deg som alltid er på utkikk etter dei gode nyheitssakene, er flink til å komma tett på folk og ønskjer å fortelja historiene på ein levande og engasjerande måte.

Du må ha interesse for den digitale journalistikken og har lyst til å verta ein del av den dyktige og ambisiøse redaksjonen vår. I tillegg til å vera skrivande journalist, vil du òg kunna komma til å jobba med video, foto og direkteoppdateringar.

Me reknar ikkje med at du kan alt frå første dag, men du må vera motivert for å læra deg nye verktøy og arbeidsoppgåver. 

Varigheit på vikariatet er fram til 31. desember.

Me ser etter deg som:

  • er motivert for å utvikla deg som journalist
  • har ein del journalistisk erfaring
  • er engasjert, likar å ta ansvar, arbeida sjølvstendig og er kreativ
  • meistrar nynorsk
  • vert trigga av at dine saker vert lesne, men óg heiar frem andre for å nå felles mål
  • er glad i eit godt fellesskap med gode kollegaer, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har førarkort på bil, likar å vere på farten, og trivst i møte med folk

Har du lyst på jobben, men kan ikkje haka av på alle kriteria? Søk likevel – du kjem langt med rett haldning, vilje og talent.

Me tilbyr:

  • 100% midlertidig stilling, i fast turnus
  • ein spennande jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt
  • ei viktig rolle i ei lokalavis som har ambisjonar og skal bety noko for folk
  • god journalistisk erfaring og hjelp til å utvikla av kompetansen din
  • utvikling og oppdatert kompetanse gjennom Amedia, det leiande lokalaviskonsernet i landet.
  • eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett

Det er ein stor fordel om du har lokalkunnskap, og kjenner Nordhordland som region.

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Vegard Flatøy, ansvarleg redaktør, tlf. 926 78 283 
  • Synne Grimen Hammervoll, klubbleiar, tlf. 416 26 272

Søknadsfrist snarest.

SØK HER

Powered by Labrador CMS