NRK Vestland søkjer sommarvikarar til nyhenderedaksjonen i Bergen og Førde
PublisertSist oppdatert
Denne artikkelen er over to år gammel.
Informasjon om stillingen:
Stillingstype: Sommervikariat
Arbeidssted: Bergen / Førde
Søknadsfrist: 20. desember
Om arbeidsgiver:
NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.
Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?
NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Vi ser etter deg som vil lage saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum på nrk.no, radio og tv. Du bør ha noko erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon.
Vi vurderer søknader fortløpande, så søk gjerne tidleg!
Arbeidsoppgåver
Lage nyheitssaker til nett, radio, TV
Jobbe fram saker frå idé til ferdig sak
Jobbe med løpande nyheiter på desk
Utrykking på store hendingar
Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer
Kvalifikasjonar
Vere samfunnsengasjert
Ha erfaring frå journalistisk jobbing i ein redaksjon
Godt språk. Du må kunne nynorsk, eller vere innstilt på å lære deg det
Personlege eigenskapar
Har engasjement og godt humør
Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar
Jobbar raskt og effektivt
Har gode samarbeidsevner
Er glad i utfordringar og å prøve nye ting
Vi tilbyr
Vi har eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Du vil få arbeide i ein spanande nyheitsredaksjon der du får erfaring med både nett, TV og radio.
Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.
Det kan også vere aktuelt for sommarvikarar å jobbe frå lokalkontora våre i Sogndal, Nordfjord, Odda eller på Stord delar av tida.