STILLING LEDIG:

Vi søkjer KI-mentor for lokal­aviser

10 månaders prosjektstilling i Bergen

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Prosjektstilling

Arbeidssted: Bergen

Søknadsfrist: 10. desember

Om LLA

Landslaget for lokalaviser (LLA) er interesseorganisasjonen for over 110 lokalaviser landet rundt. Desse avisene styrkar mellom anna lokaldemokratiet og det lokale kulturlivet. Lokalavisene er også ein nyttig og truverdig mediekanal for det lokale handelslivet, organisasjonane, kommunane og for kjedebutikkane. Lokalavisene er lim og lupe i nærmiljøet.

Om SUJO:

Senter for undersøkende journalistikk SUJO har som mål å styrke den undersøkende journalistikken i Norge. Gjennom oppfølging av undersøkende prosjekter og verksteder i undersøkende metode utvikler vi denne viktige journalistikken, med spesielt ansvar for lokale, regionale og mindre medier.

Vil du vere med og løfte dei minste lokalavisene i Noreg? Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og Landslaget for lokalaviser (LLA) lyser ut ei spennande prosjektstilling der du skal hjelpe lokalavisene med å ta i bruk kunstig intelligens i journalistikken.

Bakgrunn

Mange journalistar seier i dag: «Vi veit vi bør setja oss inn i KI, men vi veit ikkje heilt korleis – eller kva vi skal bruke det til.» Det er store variasjonar i kompetanse, og mange redaksjonar manglar både systematisk opplæring og oversikt over kva verktøy som faktisk finst. Samstundes krev bruk av KI i undersøkande journalistikk meir metodekunnskap, meir tid og meir ressursar enn tradisjonelle journalistiske arbeidsmåtar.

Med rett kompetanse kan KI gje stor gevinst i idéutvikling, research, informasjonsinnhenting, dataanalyse og verifisering. Difor treng vi no ein person som kan hjelpe lokalavisene med dette.

Om stillinga

Som KI-mentor vil du:

  • hjelpe eit utval redaksjonar med å utvikle og gjennomføre eigne prosjekt
  • vere sparringpartnar frå idéfase til publisering
  • bidra til å utvikle innovative prosjekt som lokalavisene ikkje kunne gjort åleine
  • jobbe tett saman med Samarbeidsdesken og SUJO
  • vere med å utvikle datasett og KI-metodar i samarbeid med dataanalytikarar og journalistar
  • bidra i arbeid med Demokratibasen og delta i journalistiske prosjekt i Samarbeidsdesken

Kva vi ser etter

Vi ønskjer ein person som:

  • har god forståing for KI og praktisk erfaring med KI-verktøy
  • forstår journalistiske arbeidsprosessar
  • kan lære bort, motivere og bygge kompetanse
  • er sjølvstendig, samarbeidsorientert og nysgjerrig
  • har evne til å utvikle prosjekt saman med redaksjonar med avgrensa ressursar
  • har lyst til å besøke og bli betre kjent med lokalavisredaksjonar

Vi tilbyr

  • eit spennande utviklingsprosjekt i kryssinga mellom journalistikk og teknologi
  • moglegheit til å påverke framtidas arbeidsmåtar i lokalavisene
  • fagleg sterkt miljø hos SUJO og i Samarbeidsdesken
  • kontorplass i Bergen

Søknadsfrist 10.12.2026. Oppstart så snart som mogleg etter nyttår.

Prosjektet er finansiert av Fritt Ord.

Har du spørsmål ta kontakt med:

  • Kristine Holmelid, Senter for undersøkande journalistikk, tlf: 90950320
  • Tomas Bruvik, Landslaget for lokalaviser, tlf: 41108523

Søknad kan sendast til tomas@lla.no

Powered by Labrador CMS