STILLING LEDIG:
Sunnhordland søker sommarvikarar☀️
Det viktigaste mediehuset i Sunnhordland treng allsidige vikarar sommaren 2025.
Som sommarvikar i Sunnhordland-redaksjonen får du bryna deg på litt av kvart. Me er tett på lokalsamfunnet i primærkommunane Stord og Fitjar, men held også eit stødig blikk på nabokommunar i den vakre regionen vår. Her kjem du inn i eit kreativt nyheitsmiljø der ingen dagar er like.
Om du er glad i høgt tempo, har teft for nyheiter og jobbar sjølvstendig, er nokre sommarveker hos oss perfekt for deg – og oss.
Du kjem inn i ein samansveisa gjeng der alle står på for å laga verdas beste lokalavis. Du går også inn i kvelds- og helgevakter.
Me ser etter deg som har
- Erfaring frå mediebransjen, eller studentmedia.
- Er digitalt påskrudd.
- Er stødig i språk, og særleg i nynorsk.
- Er trygg på presseetikken.
- Er lærevillig og elskar å jobba der pulsen slår.
- Har førarkort til bil.
Sunnhordland-redaksjonen held til midt i Leirvik sentrum på Stord.
Søknadsfrist 31. januar. Søknader blir behandla fortløpande.
Kontaktinformasjon
Nærare opplysingar om jobben kan du få hos:
• Vidar Hope, ansvarleg redaktør, vidar@sunnhordland.no, 982 42 030
• Kjetil Østrem, klubbleiar, kjetil@sunnhordland.no, 982 42 022