STILLING LEDIG:
Strilen søkjer journalist til sommarjobb
Vi er på jakt etter ein ivrig sommarvikar til redaksjonen vår.
Du må kunne jobbe sjølvstendig, tole å jobbe under tidspress og kunne levere tekst og bilete raskt. Kan du litt om video, og likar å filme med mobilen, er det bra. Skriv du nynorsk, er det ein fordel.
Du må ha førarkort for bil. Du disponerer gjerne eigen bil, men det er ikkje eit krav.
Stå på-vilje, godt humør, fleksibilitet og evna til å lære er vel så viktig som lang CV i denne jobben.
Sommervikaren kjem til å jobbe mest på dagtid på vekedagane, men også på kveld og helg.
Skriv kort om deg sjølv, legg ved CV og gjerne nokre døme på kva du har gjort før. Spesifiser når du er tilgjengeleg for jobbing denne sommaren. Juni, juli og august er aktuelle månader.
Strilen ønskjer mangfald blant våre tilsette. Vi oppmodar også dykk med ulik bakgrunn og funksjonalitet til å søkje.
Kontaktinformasjon:
- Eirik Langeland Fjeld, ansvarlig redaktør, tlf: 959 97 237 / e-post: eirik.langeland.fjeld@strilen.no
- Ronny Bertelsen, klubbleder NJ, tlf: 901 72 166 / e-post: ronny.bertelsen@bygdanytt.no
SØK HER
Polaris Media Vest består av 10 lokale mediehus på Vestlandet; Sunnhordland, Bømlo-Nytt, Marsteinen, Stord24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24. Mediehusene er eid av Polaris Media eller i sameierskap mellom Polaris Media og Schibsted. Det samlede opplaget er på ca. 35 000 abonnenter. Polaris Media Vest har til sammen 75 ansatte.