STILLING LEDIG:
Strilen søker journalist i 100% vikariat
Vi søkjer etter ein engasjert journalist til eit vikariat på sju månader, i samband med avvikling av ferie og permisjon for fast tilsette i redaksjonen vår.
Vi treng ein nyhetsjegar som både kan skrive og ta bilde – og som tenker og jobbar digitalt.
Om stillinga:
Vi dekker alt frå by til bygd, smått og stort – og du får vere med på å setje dagsorden i lokalsamfunna våre. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og triveleg miljø.
Du vil arbeide både som utegåande reporter og bidra på desken. Du må rekne med å inngå i turnus med vaktar på dag, kveld og helg.
Vi ser etter deg som:
- har journalistisk teft og formidlingsevne
- kan levere tekst og bilde raskt og presist
- arbeider både sjølvstendig og saman med andre
- kan handtere hektiske periodar og prioritere mellom oppgåver
- har god digital kompetanse – og tek gjerne både bilde og filmar med mobilen
- meistrar nynorsk (og gjerne også bokmål)
- har kjennskap til dekningsområdet vårt (det er ein fordel, men ikkje eit krav)
- har førarkort for personbil
Vi tilbyr:
- varierte arbeidsoppgåver
- brei erfaring frå ein heildigital lokalaviskvardag
- ordna arbeidsforhold
- arbeidsstad i hovudsak i Knarvik
Oppstart: 2. februar
Søknadsfrist: 23. november
Kontaktinformasjon
- Eirik Langeland Fjeld, ansvarlig redaktør, tlf: 95 99 72 37, epost: eirik.langeland.fjeld@pmvest.no
- Ronny Bertelsen, klubbleder NJ, tlf: 901 72 166, epost: ronny.bertelsen@pmvest.no