STILLING LEDIG:

Øyposten søkjer journalist

Vil du vera med å utvikla lokalavisa for Ryfylkeøyane?

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Vikariat

Arbeidsstad: Finnøy

Søknadsfrist: 30. september

Om arbeidsgjevar:

Øyposten er lokalavisa for Finnøy og Rennesøy, to kommunedelar i Stavanger med til saman drygt 8000 innbyggarar. Avisa er eigd av Polaris Media og held til i romslege lokale på Judaberg, sentrum på Finnøy. Me har òg tilgong til kontorplass i Vikevåg, sentrum i Rennesøy. Avisa har eigen redaksjonsbil og har eit samarbeid med nettavisa Randaberg24. 

Finnøy og Rennesøy gjer Stavanger til landets største kommune når det gjeld tomatar, egg og sauer. Primærnæringane står sterkt. Øyane har òg eit spennande næringsliv knytt til oppdrett og maritim sektor. Vakrare øygard finnast knapt, og det speglar seg att i hytteliv og reiseliv særleg i sommarhalvåret. For avveksling på fritida ligg Stavanger by bare ein halvtime unna med bil eller båt. 

Gratis opplæring og tilbod om frilansoppdrag.

Øyposten treng ein journalist i 100 prosent stilling i eitt års vikariat med muligheit for fast tilsetting. 

Som journalist i Øyposten får du praktisera journalistfaget i heile sin breidde, og du får orkesterplass til det som rører seg i Finnøy og Rennesøy, dei grøderike holmane i skjærgarden til Stavanger. Me har auka talet på abonnentar med 50 prosent siste halvår og har ambisjonar om å veksa. 

Me vil vera to skrivande i full stilling, redaktøren og journalisten, som løpande på nett og ein gong i veka på papir rapporterer om kva som skjer og om kva som opptek folk her ute i Ryfylkebassenget. 

Me ser etter ein journalist som er over gjennomsnittet nysgjerrig, som formulerer seg godt og som trivast med eit stort spekter av saker. Me tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø, stor tillit og tilgong til ressursar i Polaris Media, eit av landets største konsern for lokalaviser. Å kunne skriva nynorsk er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav. 

Kontaktinformasjon:

  • Sigbjørn Høidalen, redaktør, tlf: 959 26 211

SØK HER

Powered by Labrador CMS