STILLING LEDIG:
NRK Vestland søker nyheitsjournalist i Hardanger
Vil du jobbe med nyheiter og setje dagsorden for NRK i Hardanger?
Denne artikkelen er over to år gammel.
NRK sin faste lokalkontormedarbeider i Ullensvang skal ut i permisjon. Me treng derfor ein journalist i vikariat på lokalkontoret vårt fram til april 2025. Vi er på jakt etter ein journalist som kan setje dagsorden og løfte saker frå Hardanger til eit regionalt og nasjonalt publikum. Vi ynskjer oss ein person som er oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valt av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum.
Arbeidsoppgaver
Du må vera ein allsidig journalist som er i stand til å levera godt innhald til alle plattformene til NRK. Som vår medarbeider i denne regionen, må du vere budd på å rykka raskt i all slags vêr og rapportere direkte frå felt.
Kvalifikasjonar
- God journalistisk teft og evne til å jobba fram eigensaker.
- Erfaring frå journalistisk arbeid i ein nyheitsredaksjon.
- Godt og trygt språk, både munnleg og skriftleg.
- Den som jobbar for NRK Vestland i Hardanger må kunna skriva godt nynorsk.
- Har god teknisk og digital forståing.
Personlige eigenskapar
- Nysgjerrig, ambisiøs og idérik.
- Hardtarbeidande og trivst med høgt tempo.
- Brenn for å fortelja viktige historier.
- Gode samarbeidsevner, vilje til å dela kunnskap, og vera med på å løfta heile laget.
Vi tilbyr
- Vikariat i NRK i ein spanande og viktig del av Vestland.
- Ein arbeidskvardag med ambisiøse, dedikerte og hyggelege kollegaer.
NRK er ikkje lønsleiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe saman med og utvikle deg saman med nokon av dei beste i mediebransjen.
NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon:
- Bergit Svendseid, redaksjonssjef, tlf: 481 15 103 / e-post: bergit.sonstebo.svendseid@nrk.no
- Sindre Helgheim, nyhetssjef, tlf: 416 29 904 / e-post: sindre.helgheim@nrk.no