STILLING LEDIG:
NRK Vestland i Hardanger er på jakt etter nyheitsjournalist
Vil du jobbe med nyheiter for NRK i Hardanger?
Denne artikkelen er over to år gammel.
NRK sin faste lokalkontormedarbeidar i Ullensvang skal ut i permisjon. Vi treng difor ein journalist i vikariat på lokalkontoret vårt fram til våren/sommaren 2025. Vi er på jakt etter ein journalist som kan løfte saker frå Hardanger til eit regionalt og nasjonalt publikum.
Arbeidsoppgåver
Du må vera ein allsidig journalist som har lyst til å levere godt innhald til alle plattformene til NRK - nett, tv og radio. Du vil få ein variert arbeidskvardag der du kan reise og møte folk rundt om i Hardanger, og samstundes samarbeide med kollegaer i heile NRK. Som vår einaste medarbeidar i regionen, må du vere budd på å rykke raskt i all slags vêr og rapportere direkte frå felt. Kontoret vårt ligger i Odda og er del av eit sosialt og hyggeleg kontorfellesskap.
Kvalifikasjonar
- God journalistisk teft og evne til å jobbe fram eigne saker.
- Erfaring frå journalistisk arbeid i ein nyheitsredaksjon.
- Godt og trygt språk, både munnleg og skriftleg.
- Har god teknisk og digital forståing.
Erfaring med å levere til både radio, tv og nett er ein fordel, men det er ikkje eit krav. Du vil få opplæring i alt du treng, både i Odda og i Bergen.
Personlige eigenskapar
- Nysgjerrig og idérik.
- Hardtarbeidande og trivst med høgt tempo.
- Brenn for å fortele viktige historier frå vår del av landet.
Vi tilbyr
- Vikariat i NRK i ein spanande og viktig del av Vestland.
- Ein arbeidskvardag med ambisiøse, dedikerte og hyggelege kollegaer i heile Vestland.
- NRK er ikkje lønsleiande, men som journalist i NRK vil du få sjanse til å jobbe og utvikle deg saman med nokon av dei beste i mediebransjen.
- NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon:
- Bergit Sønstebø Svendseid, redaksjonssjef, tlf: 481 15 103 / e-post: bergit.sonstebo.svendseid@nrk.no
- Sindre Vik Helgheim, nyheitssjef, tlf: 416 29 904 / E-post: sindre.helgheim@nrk.no