STILLING LEDIG:
Journalist 100 % (vikariat) i Bergensområdet
Bergensområdet sitt mest varierte lokalavismiljø søkjer no etter ein engasjert journalist til eit vikariat på eitt år. Vi treng ein nyhetsjegar som både kan skrive og ta bilete – og som tenkjer og jobbar digitalt.
Om stillinga
Vi dekkjer alt frå by til bygd, smått og stort – og du får vere med på å setje dagsorden i lokalsamfunna våre. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og triveleg miljø.
Du vil arbeide både som utegåande reportar og bidra på desken. Du må rekne med å inngå i turnus med noko kvelds- og helgearbeid.
Vi ser etter deg som
- har journalistisk teft og formidlingsevne
- kan levere tekst og bilete raskt og presist
- arbeider sjølvstendig
- kan handtere hektiske periodar og prioritere mellom oppgåver
- har god digital kompetanse – og gjerne både tek bilete og filmar med mobilen
- meistrar både bokmål og nynorsk (stor fordel)
- har førarkort for personbil
Vi tilbyr
- varierte arbeidsoppgåver og brei erfaring frå både desk og felt
- ordna arbeidsforhold
- arbeidsstad i hovudsak i Knarvik, men òg periodar i Indre Arna
Polaris Media Vest består av 10 lokale mediehus på Vestlandet; Sunnhordland, Bømlo-Nytt, Marsteinen, Stord24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24. Mediehusene er eid av Polaris Media eller i sameierskap mellom Polaris Media og Schibsted. Det samlede opplaget er på ca. 35 000 abonnenter. Polaris Media Vest har til sammen 75 ansatte.
Oppstart: så snart som mogleg
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktinformasjon:
- Eirik Langeland Fjeld, Ansvarlig redaktør, tlf. 95 99 72 37 / e-post: eirik.langeland.fjeld@strilen.no
- Ronny Bertelsen, Klubbleder NJ, tlf. 901 72 166 / e-post: ronny.bertelsen@bygdanytt.no