I over 140 år har avisa Hordaland opplyst og engasjert folk på Voss og i nabokommunane med innhald frå lokalmiljøet. Dei siste åra har avisa utvikla seg frå ei tradisjonell papiravis til å bli eit moderne mediehus, midt i hjarta av Voss sentrum. Hordaland er eigd av Amedia.Amedia er landets største utgjevar av redaktørstyrte medium og leiande på lokal avisutvikling. Dagleg når konsernet sine titlar meir enn to millionar lesarar gjennom deira 110 medium. Konsernet har 2.100 tilsette og omsette i 2023 for 4,1 milliardar kroner.Amedia er sertifisert av Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar og er eit bevis på at våre medarbeidarar opplever organisasjonen som ein god stad å jobbe. Les meir om korleis det er å jobbe i Amedia på våre karrieresider på Amedia.no og følg oss på LinkedIn.
Vil du vera journalist på Voss i sommar?Hordaland treng engasjerte og dyktige sommarvikarar på Voss i ferieperioden frå midten av juni til midten av august 2025.Å vera sommarvikar i ei lokalavis som Hordaland er den perfekte måten å starta ein journalistkarriere på.
Hjå oss vil du få utfordra deg på journalistikk i alle sjangrar og til ulike plattformer. Moglegheitene til å utvikla seg som journalist og historieformidlar er med andre ord eineståande gode.
Hordaland er del av Amedia og har tilgang på eit breitt kompetansemiljø på tvers av heile landet.
Me søkjer deg som:
er nyfiken og uredd i møte med ulike folk og miljø
ynskjer å finna og formidla saker frå Voss og indre Hordaland til eit større publikum
likar å ta bilete og video
er fortruleg med digitale verktøy
veit kva som skal til for å fengja unge med lokalt innhald
er interessert i lokalsamfunnet og har god allmennkunnskap
er stødig i nynorsk og interessert i å bidra til eit godt språk i avisa
Søkjarar må ha førarkort klasse B.
Hjå oss får du:
utvikla deg som journalist i trygge rammer
laga video- og some-innhald
spesielt ansvar for å produsera innhald for unge lesarar
testa og læra nye verktøy
tilgang til Amedia sitt rike kompetansemiljø
stor fridom til å forma arbeidskvardagen din
I Hordaland er det godt arbeidsmiljø, og som sommarvikar er du sjølvsagt dekt av våre gode forsikringsordningar dersom noko skulle skje.
Ei avis for mange
Hordaland held til i nye og moderne lokale midt i sentrum av Voss, ei av dei mest innovative bygdene i Noreg med mykje aktivitet om sommaren. Med Voss herad sine 16.000 innbyggjarar vil du som sommarvikar i Hordaland vera viktig for mange i og rundt Voss, samt i omeignskommunane Ulvik og Vaksdal som avisa òg dekkjer.
Bli med på laget!
Hordaland er ei nytenkjande avis med tradisjonelle røter og store ambisjonar for framtida. Me skal vera ein attraktiv arbeidsstad, driva eit moderne mediehus og laga kvalitetsjournalistikk. Målet er å rekruttera stadig fleire lesarar, og me ynskjer sommarvikarar som både kan inspirera og utfordra oss til å tenkja på nye måtar.