Firda er lokalavis for sju kommunar. Vi held til i Førde og har 18 årsverk i redaksjonen, og er kåra til årets lokale nyheitsnettstad av Mediebedriftenes Landsforening (MBL).
Jobbe med oss? No har du moglegheita!
Firda skal nemleg tilsette ein nyheitsjournalist i 100 prosents vikariat ut 2025.
I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.
Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort for bil. Du jobbar frå Førde.
Om du manglar erfaring, skal du få nødvendig opplæring frå dyktige kollegaer.